Hopp til innhold

Då Stian blei sjuk steppa syriske Remah inn i 17. mai-komiteen

Snakk om sporty innstilling! Då kjærasten Stian blei sjuk, tok Remah frå Syria over alle hans roller i 17. mai-komiteen på Værlandet.

Stian Landøy og Remah Almasri 17. mai-feiring

KJÆRASTAR: Stian Landøy og Remah Almasri saman etter ein hektisk dag på Værlandet.

Foto: Privat

Remah Almasri (16) har budd i Norge dei siste fire og eit halvt åra, og skulle feire nasjonaldagen saman med kjærasten og hans familie i øyriket vest i Askvoll kommune. Men Stian fekk feber og hovudverk, og då blei brått hans plass i komiteen ledig.

– Det var berre utruleg kjekt! Eg tok plassen hans i komiteen, og då måtte eg rydde og vaske på førehand og eg var også med på ein liten sketsj dei skulle ha på scena her ute. Eg kom på generalprøven og fekk vite at eg skulle spele ein mann. Så då måtte eg teikne på ein bart og gå rundt resten av dagen med det, fortel ei leande glad Remah til NRK.

– Alle var kjempehyggelege

Ho var litt redd for kva bygdefolket skulle tenke om at ho kom som heilt ukjend, i norsk folkedrakt og brått skulle vere ein del av arrangørstaben for den tradisjonelle feiringa.

– Men dei var kjempehyggelege mot meg på alle moglege måtar. Alle hjelpte til og det var ingen som var kritiske til korleis eg såg ut med folkedrakt. Alle tok meg imot med masse varme, fortel Remah på klingande sunnfjordsdialekt.

Stian Landøy og Remah Almasri 17. mai-feiring

FLOTT I DRAKT: Remah Almasri stilte i folkedrakt under feiringa på Værlandet, der ho steppa inn i 17. mai-komiteen.

Foto: Privat

Men ikkje nok med at ho var med og rigga til, spelte sketsj og hjelpte til med leikane for ungane. Som medlem i komiteen var ho også med og serverte suppe til bygdefolket – og deltok med største iver i det lokale songkoret.

– Dei første to songane var nasjonalsongen og Gud signe Noregs land. Eg har alltid vore litt for å synge slike songar med festdrakt, men publikum verka heilt med og ingen hadde noko imot det. Då fekk eg litt meir sjølvtillit til å tørre å stå på scena.

– Fantastiske folk

Svigermor Eva Landøy var så stolt over Remah at ho fortalde den flotte historia på Facebook-gruppa Soldiers of Are og Odin tysdag kveld. Der har det strøyma på med likes og kommentarar.

– Ho melde seg frivillig og stilte i plassen hans, i ei bygd der ho nesten ikkje kjenner nokon. I tillegg heiv ho seg med i koret eg dirigerer, med generalprøve i går som einaste øving. Dette kallar eg vellukka integrering. Fantastiske folk dette her, eg er skikkeleg stolt av å få eit slikt menneske inn i familien, slår Landøy fast.

For 16 år gamle Remah blei det i alle fall ei 17. mai-feiring heilt utanom det vanlege.

– Det er alltid veldig kjekt med 17. mai, men dette har vore den beste feiringa i alle desse fire åra eg har budd i Norge, fortel Remah og ler.