Hopp til innhold

Då Roger vakna, tenkte han berre «Å pokker»

Roger Lindanger (20) la seg med berre våt asfalt rundt seg då han måndag kveld kom att frå Stavanger-tur. Då Nistad-sjåføren vakna på Sande i dag tidleg, var det i tillegg djupt.

– Det er ikkje kvar dag eg vassar på jobb. Rett utfor døra er det sikkert 30 centimeter djupt, humrar Roger Lindanger og er svært glad for at han har både tørre klede og handkle i bilen.

Yrkessjåføren har sidan mars jobba for Nistad transport på Sande i Gaular. Det var også utanfor lokala til arbeidsgjevaren han stod i natt.

Fekk sjokk då han vakna

I løpet av desse timane gjekk elva Gaula, som går rett forbi, over breiddene så det held.

– Eg fekk sjokk då eg vakna i dag tidleg. Eg trekte frå gardina og tenkte berre «Å faen». Då var det berre å trekkje buksa godt ned og hoppe i det, seier Lindanger.

(Artikkelen held fram under videoen)

Oddvar Torsheim får grundig fotvask av Jølstra i dag.

HØG VASSTAND: Mykje nedbør har ført til høg vasstand i fleire elvar i fylket. Denne videoen er frå Jølstra i Førde. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL)

– I Stavanger har dei tog og trailer. På Sande er det båt og lastebil det går i, humrar han.

Elva er dobbelt så stor

– Eg har berre vore her sidan i mars, men dei på kontoret fortel at dette aldri har skjedd før, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fleire personar som tysdag morgon parkerte på festplassen i Førde, måtte i all hast evakuere bilane sine etterkvart som elva Jølstra steig.

EVAKUERTE: Bileigarar som parkerte på festplassen i Førde måtte evakuere bilane sine etterkvart som elva steig. (FOTO/REDIGERING: Asgeir Reksnes/NRK)

At det er lenge sidan Gaula var så høg, kan Jarl Tyssekvam stadfeste. Han driv Spar-butikken på Sande og opplever for andre gong på 40 år å få kjellaren full i vatn. Han trur elva er dobbelt så høg som den plar vere.

– Eg har ikkje sett ho så høg sidan midten av 70-talet, då eg sist fekk vatn i kjellaren. Då var det snøsmelting og ekstremt mykje vatn, seier han.

I full beredskap

Truls Folkestad, leiar for landbruk og næring og teknisk i kommunen, seier elva held nivået for 50 års flaum.

– Då går den bra utover sine breidde. Det er ein god del jorde som er under vatn no, seier han og legg til at kommunen det neste døgnet vil vere i full beredskap grunna dei store nedbørsmengdene som er venta.