Hopp til innhold

Då PlayStationen blei øydelagt, ville Vegard bruke den til noko heilt anna

– No kan eg spele på den igjen, sjølv om ikkje det er på den same måten som før, seier Vegard Hjartholm.

banjko1

UVANLEG HOBBY: Vegard Hjartholm frå Sandane lagar strenginstrument av det meste han kjem over. No har han byrja å tene pengar på hobbyen sin.

Foto: Henrik Algedal

Den gamle PlayStation1 til Sandersaren har blitt forvandla til ein Banjo. Hjartholm lagar nemleg strenginstrument av det meste han kjem over.

– Stort sett alt kan få ein hals, strengar og lage lyd, seier sandensaren.

No tikkar det inn med bestillingar frå utanlandske musikarar som vil kjøpe instrument av han.

Byrja med matboksar

I 2009 bygde Hjartholm sitt første instrument. Det byrja med gamle matboksar som han bygde om til gitarar.

– Det har blitt ei vane. Eg blei nok litt hekta, det har berre blitt meir og meir.

Til og med sigaresker og fiskebolle-boksar har blitt forvandla til gitarar etter at Hjartholm sette på hals og strengar.

– Det meste eg lagar er eigentleg relativt enkelt, hevdar Hjartholm.

banjo4

- ALT GÅR: Hjartholm har laga strenginstrument av ein gamal Beatles-matboks, sigarekser, og til og med ein gamal PlayStation.

Foto: Henrik Algedal

Tek bestillingar

I helga er Hjartholm invitert til kulturhuset Heimen i Bremanger der han både skal selje instrument og halde konsert.

No er hobbyen hans også i ferd med å bli ei god biinntekt.

Musikarar i både Norge og utlandet har kontakta han for å kjøpe instrument.

– Eg seier nei til enkelte ting, men denne veka skal eg bygge om ei gamal fele til ein gitar. Det er jo fint at folk kan nytte gamle, øydelagde instrument igjen.