Hopp til innhold

Då huseigaren opna døra vart dei møtt av røyk

Ingen var heime då det byrja brenne i ein bustad i Førde seint fredag kveld.

Brannvesenet rykte like etter klokka 23 fredag kveld ut etter melding om brann i ein tomannsbustad i eit av dei store byggjefelta i Førde. Dei som budde i huset hadde vore vekke.

– Då dei kom heim og opna døra vart dei møtte av røyk. Det var såpass mykje røyk at dei ikkje gjekk inn i huset, så dei såg ikkje sjølv flammar, seier vaktleiar Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brannvesenet vart tilkalla og kom raskt til staden. Dei fekk kontroll etter kort tid.

– Den eine delen av tomannsbustaden har fått ein del røyk- og vasskadar. Det går ikkje an å bu der per no. Den andre delen er ikkje råka, seier Gjesdal ved Alarmsentralen.

Han kan laurdag morgon ikkje seie noko meir om kvar i bustaden det har brunne, eller kva som er årsaka.

Politiet vart også kalla ut. Hendinga blir rutinemessig etterforska.

Brannvesenet har i løpet av natt til laurdag også rykt ut etter melding om ein automatisk alarm i eit bustadhus i Årdal. Det viste seg at alarmen hadde løyst seg ut på grunn av ein feil på anlegget.