Hopp til innhold

Då fyrverkeriet smalt som verst i fjor, fekk Jan Christian ein lur idé

Høge smell og sterke lysglimt kan gjere årets siste dag til ei skremmande oppleving for våre firbeinte vennar. Heldigvis kan enkle grep gjere kvelden deira betre.

Hunden Japp var under trygge omgivelsar på nyttårsafta i fjor.

KOMFORTABEL: Jan Christian Jerving tok med «Jappen» på sightseeing i Lærdalstunnelen, under kaoset ved midnatt på nyttårsaftan i fjor.

Foto: Jan Christian Jerve

– Det er jo ekkelt for hundane å vere med på det, så det er viktig at dei får vere ein plass som er godt isolert for lyd og lys, seier hundeeigar Jan Christian Jerving.

Saman med kona bestemte Jerving seg på nyttårskvelden i fjor, for å ta med seg hunden «Jappen» inn i Lærdalstunnelen for å verne hunden for fyrverkeriet då det herja som verst.

– Ei kreativ og god løysing, seier leiar Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen.

Forsøkt mange variantar

Jerving, som har hatt hund i mange år, fortel at han har gjentatte gonger forsøkt å leggje til rette for hunden på mest måte på ein slik kveld. Likevel har det vore med blanda hell.

– Ein gang hadde me ein hund som stakk av frå oss og ikkje kom att før langt ut på dagen, neste dag. Me har også prøvd å ha hunden i bilen med full lyd på, men dei ser jo lysglimta, seier han.

Jan Christian Jerve og hunden Japp

HUNDEVEN: Jan Christian og «Jappen» held saman i tykt og tynt.

Foto: PRIVAT

Difor fann han til slutt ut at den beste form for isolasjon mogleg var å ta med hunden inn i tunnelen.

– Lærdalstunnelen har jo flott lys, så då reiste me inn dit i halv 12-tida og var der til godt over midnatt, seier han.

Fekk selskap

Då Jerving kom på plass i tunnelen var han ikkje åleine.

– Der var det ein hundeeigar til som hadde tatt turen, med same formål, seier han.

Saman med den andre hundeeigaren gjekk dei inn i det nye året, inne i Lærdalstunnelen. Jerving fortel at markeringa vart relativt beherska.

– Det var eigentleg berre å få tida til å gå, for dette var først og fremst i omsyn til hunden.

– Me kjem til å gjere det same i år, seier han.

– Slit med dødsangst

Leiar Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen er begeistra for tiltaket til Jerving. Ho meiner det er svært viktig å tenkje på dyrets beste på ein slik kveld.

– Først og fremst skal det seiast at det finst utruleg mange dyktige hundeeigarar rundt om i landet. Men dette er ein vanskeleg kveld for hundar, så då lyt man nok gje hunden ekstra merksemd, seier Roaldset.

Ho tvilar på at folk flest er klar over kor ubehageleg ein slik kveld faktisk kan vere for dyret.

– Eg trur mange hundar slit med dødsangst på slike kveldar og er oppriktig redde for livet sitt. Det er smertefullt og stressande å vere så redd og difor er det viktig å legge til rette å gjere det så komfortabelt som mogleg for dei.

Fem tips til ein hundevennleg nyttårsfeiring

Hundetrenar Maren Teien Rørvik, aktuell med hundetreningsserien «Valpeskolen» på NRK 7. januar, har fem gode råd til hundeeigarar på nyttårsaftan:

Valpeskolen - Maren Teien Rørvik

DYREEKSPERT: Maren frå «Superhundene» og «Fra bølle til bestevenn» gir sine beste tips til hundeeigarar før nyttårsaftan.

Foto: Max Emanuelson / Monster/NRK

1. Luft hunden tidleg på ettermiddagen

I Noreg er det forbode å skyte opp rakettar før klokka 18.00 på nyttårsaftan, og lufteturane bør planleggast ut ifrå dette. Det kan òg vere lurt å gå ein litt lengre tur ein normalt, slik at hunden er tilfreds og klar til å slappe av når kvelden kjem.

2. Pass på at hunden ikkje kan stikke av

Under lufteturen på nyttårsaftan bør hunden alltid vere i band, og denne dagen er det ekstra viktig at band eller selar sit ordentleg godt på. Du kan nemleg ikkje vere sikker på at ingen skyt opp rakettar tidlegare på dagen, og dermed skremme bestevennen din så mykje at den stikk av.

– Hunden bør helst vere ID-merket med ein mikrochip, men skriv òg gjerne telefonnummeret ditt i halsbandet. Det kan gjere ei gjenforeining mogleg om du skulle vere så uheldig at kjæledyret stikk av.

Hundetrener Maren viser deg hvordan du får vofsen din til å gå pent på tur.

Hundetrenar Maren viser deg korleis du får vofsen din til å gå pent på tur.

Kanskje du kan kombinere luftetur med å trene på å gå pent i bånd? Maren viser deg korleis det kan gjerast.

3. Skjerm hunden når det nærmar seg midnatt

– Eit rom som er skjerma for lyd og lys er den beste plassen for hunden å vere når det blir skote opp rakettar, fortel Maren.

Eit kjellarrom, eller eit rom midt i huset, kan vere ein fin tilhaldsstad for hunden. Viss rommet har vindauge er det lurt å trekke for gardinene, så hunden blir skjerma frå lysglimta utanfor.

Sitt gjerne saman med hunden når det smell som verst, men husk at det er viktig at du oppfører deg som normalt. Det beste for hunden er at du er trygg og roleg, og ikkje stressar eller trøystar.

Les òg: Tips til hunden din i jula

4. Sett på musikk

Smella frå fyrverkeri kan gjere hunden stressa og redd. Marens råd er derfor å sette på musikk, fordi det vil gjere hunden mindre oppmerksam på bråka utanfor.

Les òg: Leier skadar og livredde dyr – krev forbod mot fyrverkeri

5. Hald hunden innandørs ved midnatt

Til slutt understrekar Maren at du bør halde hunden innandørs medan det blir fyrt opp rakettar. Det gjeld òg om bestevennen din ikkje verkar stresset.

– Sjølv om nokre hundar kan vere uredde, kan du aldri vite når dei kan bli skremde. Å ta med hunden ut er derfor ein heilt unødvendig risiko å ta.

Valpeskolen - key bredde - NRK TV

«Valpeskolen» har premiere på NRK 1 torsdag 7. januar kl. 20.00.