Hopp til innhold

Då denne søtnosen dukka opp tok vegarbeidaren grep

Den vesle hareungen forvilla seg inn i vegarbeidet på fylkesveg 60 i Nordfjord. Gravemaskinføraren sørga for både kos og tryggheit for det vesle nøstet.

Hareungen Bjarne

MAT: Bjarne synest berre det var kjekt å få litt merksemd på anlegget.

Foto: Gro Kjoss Lynge

– Han var så fin så eg tok den inn i gravemaskina og kose litt med han, seier gravemaskinførar Sigbjørn Eideheim.

Hareungen Bjarne

LITEN: Bjarne passar akkurat oppi handa til gravemaskinførar Sigbjørn Eideheim.

Foto: Gro Kjoss Lynge

Han fann den vesle hareungen hoppande rundt mellom nokre mursteinar på anlegget ved Vangberg på vegstrekka mellom Ugla og Skarstein.

Han seier det var berre flaks den vesle pelsdotten, som han gav namnet «Bjarne», ikkje blei skadd på anlegget.

– Den var ikkje sur og beit ikkje, seier Eideheim, som trur Bjarne synest det var koseleg å få litt menneskeleg kontakt.

Sidan tok vegvesenet hand om vesle Bjarne og gav den litt mat og merksemd før dei slapp han ut igjen.

– Vi «googla» litt og fann ut at vi måtte sette den ut sida mora kunne vere i nærleiken på leit etter han, seier Gro Kjoss Lynge i vegvesenet.

Bjarne blei observert i nærleiken også seinare på dagen, men no håpar Kjoss Lynge at han har funne tilbake til mora si.

Hareungen Bjarne hoppa rundt her

HOPPA RUNDT: Her hoppa den vesle dotten rundt og vart heldigvis ikkje skadd av alle maskinene.

Foto: Gro Kjoss Lynge