Hopp til innhold

Då denne karen gjekk tom for nøtter vart Facebook redninga

JØLSTER (NRK) I fem år har Aslaug Kjøsnes hatt fast besøk av eit ekorn i hagen. Ekornet har blitt vant med god bevertning, så då nøtteposen gjekk tom var gode råd dyre.

Gjekk tom for nøtter

NØTTELENS: I fem år har denne karen levd godt på nøttelageret familien Kjøsnes hadde att etter jula. Men i juli var det tomt.

Foto: Montasje/privat / NRK

Det starta for fem år sidan. Eit nysgjerrig ekorn dukka opp i hagen og Aslaug Kjøsnes byrja å fôre det. No er ekornet fast gjest og med tida har det blitt temmeleg tamt.

– Eg kan gå bort til treet for å leggje ut nøter og det sit ein meter ifrå meg og ser på meg. Viss det ikkje er mat, så kjem det til kjøkenet og ser inn glaset, og varslar om at det er tomt, seier Kjøsnes

Og tom gjekk ho.

Får ei tøff nøtt å knekke

For det er ikkje kva som helst nøtter som duger. Dei må vere med skal på, viss ikkje kjem fuglane nøtteliten i forkjøpet. Og slike er ikkje like lett å få tak i utanfor jul.

Redninga vart ei nøtteetterlysing dottera la ut på Facebook lagt ut i går. Responsen let ikkje vente på seg.

Nøtteliten i Jølster

NØTTELITEN: Då dottera til Aslaug Kjøsnes la ut denne meldinga på Facebook, let ikkje responsen vente på seg.

Foto: Skjermdump/Facebook

– Dottera mi skal hente noko i Førde i morgon. Eg håpar det rekk ei stund, seier Kjøsnes.

Det som byrja som ein einsleg gjest, har etter kvart blitt to og tre. Held utviklinga fram kan det bli ei tøff nøtt å knekke å skaffe mat til alle.

– Kanskje eg må stoppe, seier Kjøsnes og ler.

Lover å hamstre neste jul

Førebels er det berre er koseleg å høyre på ekornfamilien som sit i trea rundt hagen eller på stabburstrappa og gneg i veg.

Det vert heller trist når ekorna til tider kan forsvinne i fleire dagar.

– Dei er veldig til å hamstre, spesielt om hausten. Dei fer rundt, plukkar, spring og gøymer det rundt om. Men det er ikkje alltid dei finn att det dei har gøymt. I fjor var det lang tid eg ikkje såg dei, men så plutseleg dukka dei opp att, seier Kjøsnes.

No har ho lært leksa. Til neste jul sver ho å hamstre så ho har rikeleg utover året.

– Når eg først har begynt å fôre dei, så må eg nesten halde på. Dei har sikkert evne til å finne seg anna mat, men dei forventar i alle fall å få, seier ho.