Hopp til innhold

D-dag for framtida til Sogn og Fjordane

I dag skal fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane seie ja eller nei til den nye vestlandsregionen. Men det er solide skjær i sjøen.

Ny region

For det er ikkje lenger fleirtal i Rogaland for reformen. Der har Frp varsla at dei går imot. Men knuser Rogaland draumen om ein Vestlandsregion, ber Bjørn Lødemel (H) politikarane i Sogn og Fjordane om å ha fleire alternativ på lur.

No ber Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) fylkespolitikarane i fjordfylket om å ha fleire alternativ når avgjerda fell.

– Det er viktig med fleire prioriterte alternativ, og at desse blir diskutert og vurdert.

Lødemel slår eit slag for å rette nasen nordover mot Møre og Romsdal.

Bjørn Lødemel på vegkonferanse i Geiranger

BER POLITIKARANE VERE OPEN FOR ALTERNATIV: Skulle Vestlandsregionen smuldre opp med eit nei frå Rogaland, ber stortingsrepresentant Bjørn Lødemel politikarane i Sogn og Fjordane om å ha fleire alternativ.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Avtalen om Vestlandsregionen sikrar Sogn og Fjordane sine interesser. Ryk den, så er det andre alternativ som må vurderast. Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er ein ønskeleg region om korta må leggast på nytt.

Gruppeleiar for Venstre i fylkestinget, Gunhild Berge Stang, ser gjerne at eit nytt regiontalternativ tek med seg Møre og Romsdal.

– Det er like interessant med ein Vestlandsregion beståande av heile eller deler av Møre og Romsdal. Det viktigaste er at vi får ein region, og ikkje blir partert mellom ulike fylke. Eg er oppteken av å få med nordfylket fordi det handlar om at Sogn og Fjordane er ein relativt folkesvak del av regionen uten så store byar, meiner ho.

Vil prate med dei som bankar på

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) held døra på gløtt for heile Vestlandet.

– Vi har eit vedtak om å snakke med alle fire fylke. Vår dør står open og vi vil prate med dei som banker på.

Kva om det ikkje blir noko av Vestlandsregionen?

– Då vil vi prate vidare med Hordaland, og eventuelt Møre og Romsdal, seier Følling.

Sogn og Fjordane Arbeiderparti vil gjerne invitere naboen i nord, men har framleis is i magen for kva som vil skje med Vestlandsregionen.

– Vi har heile tida sagt at det er ønskeleg at Møre og Romsdal skal vere med i praten. Det har ikkje endra seg, seier varaordførar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, slår eit slag for sin draumeregion om Vestlandsregionen skulle smuldre vekk.

– Ein vestlandsregion med Hordaland, Sogn og Fjordane og heile, eller deler av Møre og Romsdal, er min draumeregion.

Opnar opp for tvang

Sjølv om Rogaland kan ende opp med å seie nei til Hordaland og Sogn og Fjordane, vil ikkje Helge André Njåstad (Frp), leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, nødvendigvis skrinlegge Vestlandsregionen. Til BT uttalte Njåstad at det er Stortinget som til sist vil bestemme.

Det er gruppeleiar i Sogn og Fjordane Høgre klart for.

– Det er Stortinget som har sagt vi bør gå i retning av ti regionar. Eg går ut frå at Stortinget gjer alvor av det, og at det blir ei regioninndeling i samsvar med føringane som eg forventar blir følgt, seier Noralv Distad.