Hopp til innhold

D-dag for Astrupsenteret

I dag tek fylkespolitikarane stilling til det omstridde besøkssenteret ved Astruptunet i Jølster.

Astruptunet

I dag skal fylkesutvalet på synfaring i Astruptunet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) seier at det er vanskeleg å gå imot planane om eit besøkssenter ved heimen til den kjende kunstnaren Nikolai Astrup .

- Når ein kommune legg fram ei sak slik, så skal det også litt til for at fylkeskommunen, som eigentleg har eit godt samarbeid med kommunane, skal gå til motsegn, seier han.

Lang og kronglete veg

Vegen fram for det planlagde besøkssenteret har vore lang og kronglete sidan Ly arkitekter vart kåra til vinnar av arkitektkonkurransen i september 2006. Planane har fått sinna i kok hjå fleire jølstringar både med omsyn til kulturlandskapet og nabobruket som må vike for senteret.

Fylkeskommunen stilte spørsmålsteikn ved rassikringa ved tunet, medan fylkeskulturavdelinga og fylkesrådmannen begge rår til at fylkespolitikarane reiser motsegn fordi rasvollen vil få store negative konsekvensar for kulturlandskapet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Kommunane sin beste ven

Fylkespolitikarane ynskte ei synfaring og utsette saka tidlegare i november . I dag skal fylkesutvalet på synfaring til Astrupsenteret og sjå staden der besøkssenteret til 67 millionar kroner er planlagt. Reiser fylkesutvalet motsegn, blir det mekling mellom Jølster kommune og fylkeskommunen. Også varaordførar Tor Bremer (Ap) seier at det blir vanskeleg å sette foten ned.

- Vi definerer oss som kommunane sin beste ven og ynskjer å stille opp for kommunane og finne gode omsynsmessige løysingar for det som er aktuelt å gå inn i, seier Bremer.

- Tyngre dialog

Men dersom fylkesutvalet ikkje reiser motsegn mot planane, enda saka hos Riksantikvaren. Og då kan det bli mekling mellom Jølster kommune og Riksantikvaren.

- Eg fryktar at det kan bli ein tyngre dialog i den forstand at Riksantikvaren er litt meir fjern i høve til oss, seier Bremer. Dersom mekling ikkje fører fram, blir planane avgjort av Miljøverndepartementet.

Siste ord blir ikkje sagt

Saka får truleg ikkje ei løysing i dag - uansett kva vedtak fylkesutvalet gjer. Fylkesordføraren kjenner seg ikkje under sterkt press frå kommunen si side.

- Nei, det vil eg ikkje seie. Vi får informasjon og det avheng vi av. Vi har fått mykje god informasjon frå Jølster, seier han.