Hopp til innhold

Cupdraumen brast for Sogndal

Vålerenga øydela Sogndal sin cupfinaledraum med å slå dei 3–1 heime på Ullevaal.

Hannu Patronen og Calvo Fonseca
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Kjetil Rekdal sine byfantar vart for sterke for Jonas Olsson sine menn. 3–1 stod det på resultattavla då domaren bles av kampen etter 95 minutt i høljregnet på Ullevaal stadion. Dermed må sogndalsspelarane kjøpa billett eller sjå kampen på fjernsyn dersom dei vil oppleva cupfinalen søndag 24. november.

Beklagar til heile fylket

– Først og fremst vil eg beklaga til Sogndal og resten av Sogn og Fjordane at me ikkje fekk den kvartfinalefesten heime på Fosshaugane som me kunne ha fått, seier Tom Mangersnes, assistenttrenar for Sogndal.

Vålerenga opna best, og etter 17 minutt skåra Torgeir Børven det første målet for heimelaget. Marcel Wawrzynkiewicz vart spelt fri på høgrekanten høgt oppe i bana. Han slo hardt inn og Sogndal klarte ikkje å få klarert ballen. Dermed fekk Børven ein enkel jobb med å senda heimelaget opp i leiinga.

Sogndal hadde eit par enorme sjansar, men verken Azar Karadas eller Ulrik Flo klarte å få ballen inn mellom stengene. Laga gjekk til pause med 1–0 til Vålerenga, ei leiing som alt i alt var fortent.

Skåra med hofta

I andre omgang løfta Sogndal seg fleire hakk, sjølv om det var heimelaget og Daniel Fredheim Holm som enda ein gong skåra på Ullevaal etter 72 minutt. Men berre seks minutt seinare tende Ruben Holsæter sogndallyset. Han fekk stå åleine på ein corner, og nærmast sprang ballen i mål med hofta.

Etter dette jaga Sogndal utlikninga, og dei siste minutta spelte keeper Erik Dahlin nesten meir spiss enn målmann, då han var framme Vålerengaboksen på kvar einaste dødball Sogndal fekk. Det hjelpte lite, og fire minutt på overtid sette heimelaget spikaren i kista.

Mostafa Abdellaoue sette inn 3–1 åleine med Dahlin.

Vålerenga - Sogndal
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Skuffa

– Me sit i garderoben no og er veldig skuffa, for spesielt i andre omgang so har me mange sjansar til å utlikna og kanskje til og med vinna kampen. Men det klarte me ikkje, og det er surt no, seier Mangersnes.

Mot slutten av kampen var han sikker på at dei skulle klare å få i alle fall eitt mål, og dermed sikra ekstraomgangar.

– Eg hadde veldig sterk tru på at me skulle klara det mot slutten, for kvar einaste gong me fekk ein dødball eller eit innlegg so skjedde det noko i boksen. nbsp;Det er nesten litt surrealistisk å sjå at ingen av dei sjansane gjekk i mål. Men slik er fotball, og folk stod på og gav alt dei hadde for å då den skåringen. Heilt på slutten fekk me ein i trynet på slutten fordi me satsa alt framover i håp om å få eit mål.

– Var det fortent av Vålerenga vann?

– Eg må sjå kampen om att før eg kan seia noko om det, men me eg nøgde med det me leverer. Me spelar eigentleg ein betre kamp i dag enn mot Sandnes Ulf i helga, sjølv om me vann 3–1 i den kampen. Då var me veldig effektive, det er me ikkje i dag og då tapar me. Det må me akseptera, og no må me bruka dei neste dagane godt inn mot kampen mot Hønefoss på laurdag.

Ny kamp laurdag

For allereie laurdag kveld står sogndalsspelarane klare til ein ny kamp i eliteserien heime på Fosshaugane.

– Me har allereie ein god plan om korleis me skal angripa den kampen, men det blir nok ein jamn kamp.

Sidy Sagna var ikkje med i kampen då han fekk ein hovudskade i helga som var. Mangersnes seier det er usikkert om han er klar til laurdag.

– Me tok ingen sjansar med Sidy Sagna i dag etter hjerneskakinga han fekk søndag. Han har vore heime i Sogndal i dag og gjort nokre øvingar med vår fysiske trenar. Torsdag skal me ha ei treningsøkt, og då får me sjå korleis han gjer det då, men avgjersla om han skal spela eller ikkje kan nok bli tatt veldig tett opp mot kampstart på laurdag.