LUKKE TIL: Kapteinane Even Hovland og Erik Mjelde ynskjer kvarandre og dommartrioen lukke til med kampen.
KEEPER: Per Egil Flo, Mats Solheim og Isak Scheel ser keeper Kenneth Udjus snappe ballen framfor Brann-spiss Kim Ojo.
TIDLEG KRØKAST: John Erik Aasen, lidenskapeleg Sogndal-patriot, har med seg åtte månadar gamle Line på fotballkamp.
SIKRAR: Per Egil Flo og forsvaret til Sogndal var trygge i opninga av kampen.
MÅL: Even Hovland knallar til frå 20 meter. Tidlegare lagkamerat Piotr Leciejewski må gje tapt i Brann-buret.
HÅP: Elleville Sogndalsupporterar ser kvartfinalen i det fjerne.
GOD: Elvis var ein av Sogndal sine beste spelarar mot Brann. Her må vertane ta i bruk ufine metodar for å stogge ivorianaren.
RETUR: Cato Hansen spelte i fjor for Brann. I cupoppgjeret onsdag jobba han og sleit som einsam spiss for Sogndal.
TILLIT: Med Eirik Bakke og Henrik Furebotn ute med skade, har Ørjan Hopen fått tillit frå start dei siste kampane.
LUFTENS BARONER: Chukwuma Akabueze i duell med Per Egil Flo.
AMPERT: Dommar Dag Vidar Hafsås må bryte inn mellom Thomas Eriksen Ness og Rodolph Austin.
INNBYTTAR: Barry Kader kom frå benken, men kunne ikkje hindre Sogndal i å tape cupkampen.
KRAMPE: Thomas Eriksen Ness spelte sin første A-lagskamp frå start.
VILLE IKKJE: Marginane var ikkje på Sogndal si side. Cupoppgjeret var det første sidan 1984.
MARADONA: Diego Guastavino førte ballen frå eigen banehalvdel før han dunka ballen i mål bak ein sjanselaus Kenneth Udjus.
LIKE LANGT: Med tre minutt att av ordinær tid, ser heimelaget håp om å avgjere kampen før ekstraomgangar.
RASK: Brann-forsvaret fekk bryne seg på hurtigheita til tidlegare lagkamerat Cato Hansen.
SCORA: Ole Jørgen Halvorsen hadde kjenning til ein skade og starta oppgjeret på benken.
TAKK FOR SIST: Isak Scheel og fjorårets Sogndal-kaptein, Lars Grorud, i duell.
MÅL: Ole Jørgen Halvorsen har nett gjort 2-1 til Sogndal på straffe.
BØN: Piotr Leciejewski sine bøner vart høyrde. Brann vart laget som gjekk til kvartfinalen i cupen.
MISNØGD: Piotr Leciejewski misnøgd med at dommar Hafsås stogga ein Brann-overgang fordi Per Egil Flo låg nede.
GOD: Ole Jørgen Halvorsen leverte solide minutt etter at han erstatta Ørjan Hopen 12 minutt før ordinær tid.
KVAR SIN VEG: Piotr Leciejewski (f.v.) og Lars Grorud reiste frå Sogndal til Brann i fjor. Cato Hansen reiste andre vegen.
KJENT STIL: Ole Jørgen Halvorsen i kjent stil med ballen.
MÅL: Lars Grorud sette inn si straffe under straffekonkurransen. Lagkameratane jublar.
EXIT: Kampen er over og Harald Aabrekk ynskjer Lars Grorud og Brann lukke til vidare i cupen.