Hopp til innhold

Cruiseskip fekk "blackout"

Cruiseskipet MS Oriana fekk "blackout" i Sognefjorden og miste straumforsyninga laurdag. God nautisk kompetanse frå dei to losane om bord bidrog til at det ikkje resulterte i ulykke, skriv Kystverket. Losane varsla Kystverkets trafikksentral Fedje VTS, og fekk informert om hendinga til trafikk i området og til Hovudredningssentralen. Eit kvarter etter blackouten var alle system på plass igjen.