Hopp til innhold

Cruisenæringa vil ikkje investere i landstraum

Fleire meiner landstraum er viktig for å gjere cruiseturisme meir berekraftig. Men cruisenæringa i fylket meiner det kostar meir enn det smakar

Cruiseskipet Sinfonia i Flåm

LABER INTERESSE: Blant cruisehamnene i fylket, som her i Flåm, er interessa for landstraum laber.

Foto: Halvor Farsund storvik / NRK

Ei slik investering er lettare sagt enn gjort, seier hamnedirektør i Nordfjord hamn, Trond Garshol.

– Det er ikkje mange cruiseskip som kan kople seg på landstraum. Det er maks ti prosent av dei cruiseskipa som går til Europa. Dessutan er det eit stort behov for straum og den investeringa kan ikkje vi ta enno, seier han.

Dyr investering

Debatten om straumtilførsel til cruiseskip frå land har gått varmt i fleire år. Men sjølv om det vil redusere utslepp frå skipa, har utviklinga nærast stått stille.

Hamnesjef Jon-Olav Stedje

FOR DYRT: Hamnesjef i Flåm, Jon-Olav Stedje, seier fordelane med

Foto: Jørgen Eide / NRK

Det blir rett og slett for dyrt i høve til nytta det gir, seier assisterande hamnedirektør i Flåm, John Olav Stedje.

– Det har vore kostnadsrekna til rundt 65 millionar, pluss utbygging av kaia her. Løysingane som er no er ikkje gode nok til at det svarar til investeringa, seier han.

Hamnedirektøren i Nordfjord meiner det er på tide å sjå etter alternativ.

– Kanskje rensing av eksos frå land vil vere eit betre løysing. Eller straumgeneratorar frå land skreve med LNG (flytande naturgass, journ. anm.), seier han.

Forventar statleg støtte

Den manglande investeringsviljen handlar om fleire ting. Få cruiseskip er bygd for landstraum, svært få hamner tilbyr dette, og ombygging av hamnene kostar.

Difor meiner KS bedrift at regjeringa i større grad må bidra økonomisk. Det seier dagleg leiar i KS bedrift Havn, Pia Farstad.

Pia Farstad

TRENG STØTTE: Pia Farstad i KS Bedrift Havn meiner storsamfunnet må spytte inn pengar i potten til landstraum.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det kostar verkeleg pengar å gjennomføre desse tiltaka. Så her må storsamfunnet hjelpe til for å klare å realisere miljøgevinsten det er å tilby landstraum lokalt, seier ho.

Ei statleg støtte til landstraumanlegg hos cruisehamnene vil ikkje vere aktuelt i næraste framtid. Først må ein internasjonal standard på cruiseskipa komme på plass, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Lars Andreas Lunde.

– For cruisebåtar som går til mange ulike hamner blir det svært kostbart å ha mange forskjellige omformarar. Difor må det jobbast parallelt både internasjonalt for å få ein standardardisering av omformarane og med å leggje til rette for straum i hamnene, seier han.

– Manglande satsing er tragisk

Styreleiar i Nærøyrfjorden Verdsarvpark, Leif Inge Underdal, har lenge engasjert seg i ei miljøvenleg utvikling i cruisenæringa. Han tykkjer det er tragisk dersom hamnene ikkje vil satse på landstraum.

– Det ville ha betydd mykje for profilen til reiselivet, og ikkje minst for miljøet, seier han.

Han meiner hamnene ikkje berre kan skubbe ansvaret over på andre.

– Det er store utfordringar som den enkelte hamna ikkje kan løyse åleine. Men dei må gå mykje meir aktivt til verks, enn å seie at dei berre ventar på at andre skal løyse problemet.