Fjordline har store planar om eitt nytt hotell i sogndalsfjøra, men har slite med finasieringa. Styreformann i Fjordlinje, Lidvin Osland, er strålende nøgd med cruiseplanane.
- Dette er ein av bitane i puslespelet som vi hadde håpa skulle komme på plass etter kvart, seier han.
- Ei attraktiv hamn
Osland trur at Sogndal vil ha strandpromenade, cruiseanløp og eit spektakulært hotell i løpet av fire - fem år. Men det er langt fram. Osland vurderer å ta kontakt med cruisereiarlaget.
- Dette blir ei brikke i arbeidet med å gjere Sogndal om til ei attraktiv anløpshamn både for cruiseskip, men også for den ordinære turisttrafikken, seier han.
Slit med finansieringa
Fjordlinje AS slit med å få finansiert det nye hotellet, teikna av arkitektfirma Snøhetta. Fjordlinje har bede kommunen om to års utsetjing på finansieringsplanen. Osland trur det blir enklare no når cruiseplanane er klare.
- Eg trur at dette er veldig positivt og at det kanskje har eit større potensiale enn det ein tidlegare har tenkt, seier han.
- Tenk på miljøet
- Sogndal kommune må gå nøye gjennom dei miljømessige konekvensane av eit storinnrykk av cruise-turistar, seier Carlo Aall ved Vestlandsforsking.
Han tenkjer både ureining frå båtane, logistikkproblem med mange bussar gjennom Sogndalfjøra og det voldsomme innrykket av folk.