Hopp til innhold

Cruisar vidare i toppen med ny siger

SOGNDAL - FREDRIKSTAD 2-0 (NRK): Eirik Bakke heldt fram med å rullere på laget då Fredrikstad kom til Fosshaugane. Midtstoppar Hannu Patronen sine to mål sytte for ein grei siger for opprykksjagande Sogndal.

Hannu Patronen og Babacar Sarr jublar for scoring
Foto: Steinar Lote / NRK

– Det blir ein ny tøff kamp for oss, men vi skal gå ut og styre dette oppgjeret, seier Victor Grodås før kampen.

Han er ein av dei elleve som får klarsignal til å starte kampen, som er eit oppgjer mellom topp og botn i førstedivisjon. Sogndal kan ta sin åttande trepoengar, dersom dei vinn i dag.

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal kontrollerte alt i første omgang

7 min: 1-0. Hannu Patronen ragar høgast på corner. Stangar kontant ballen i mål!

15 min: Sogndal har festa grepet på kampen. Jim Johansen kjem til si andre avslutting frå langt hald - men ballen går like utanfor.

22 min: Det skjer lite på Fosshaugane no. Heimelaget trillar ball. Fredrikstad slit med å komme seg opp mot 16-meteren.

27 min: Fredrikstad bryter ein corner og set i gang ei kontring. Der kjem keeper Hagerup ut og får beina ballen ut over sidelinja.

31 min: 2-0. Hannu Patronen på corner igjen. Maktdemonstrasjon av finnen, som knuser all motstand inne i feltet.

40 min: Victor Grodås driblar seg inn i 16-meteren til Fredrikstad og fyrer av med høgrefoten. Ballen går utanfor.

42 min: Fredrikstad kjem til si første avslutting.Det svake skotet går utanfor.

PAUSE: Sogndal går til pause med 2-0. Greitt nok, utan at dei fyrer på alle stempla. I periodar var det litt daudt ute på kunstgraset. Litt typisk at begge måla blir sett inn av ein midtstoppar på dødball.

Fredrikstad kom meir med, men sigeren aldri truga

50 min: Victor Grodås og Lars Kristian Kjemhus kombinerer fint på høgresida, men skotet frå sistnemnde blir enkelt å stoppe for keeper.

53 min: Eit innkast frå Taijo Teniste skapar trøbbel for keeper Håvar Grøntvedt Jensen, som med naud og neppe får tak i ballen framfor scoringsvillige spissar i kvitt og svart.

58 min: Robin Shroot kjem til skosjanse frå hjørnet av 16-meteren. Curlar ballen i det lengste hjørnet, men ballen går eit par meter utanfor.

62 min: Victor Grodås kjem fram på venstrekanten og legg knallhardt inn med venstrefoten. Keeper slår ballen ut.

63 min: Robin Shroot viser seg fram med ei overstegsfinte og kjem til skot på hjørnet av 16-meter. Ballen går rett på keeper Jenssen.

66 min: Fredrikstad prøver seg på høgrekanten. Ola Lønn Jenssen legg inn, ballen blir klarert ut til Amin Nazari. Skotet går rett i eigen spelar.

68 min: Sogndal er heldige. Filip Johansen Westgaard fyrer av frå spissen av 16-meteren, og ballen går i ein rett strek i tverrliggaren og ned på streken. Fredrikstad har komme meir med i kampen.

70 min: Johan Hammar kjem høgast på eit innlegg frå venstre, men headar utanfor.

71 min: Dobbeltbyte på Sogndal. Rune Bolseth kjem inn for Ulrik Flo. Christophe Psyche inn for Bjørn Inge Utvik.

76 min: Johan Hammar går opp på ein presis corner for Fredrikstad. Headinga går like utanfor. Bortelaget nærmar seg nettkjenning.

80 min: Robin Shroot fintar seg fram til skotposisjon. Går til corner etter å gått via ein forsvarar. Corneren endar hos Shroot, som etter litt klabb og babb smeller ballen i stolpen.

82 min: Det vart det siste Shroot rakk å gjere før han vert teken av bana. Mahatma Otoo kjem inn då briten vert byta ut.

84 min: Speaker opplyser at det er selt 2722 billettar til kampen.

89 min: Hannu Patronen kåra til dagens Sogndal-spelar.

SLUTT: Sogndal hadde stort sett god kontroll på Fredrikstad, som aldri var i nærleiken av poeng på Fosshaugane. Heimelaget briljerte på ingen måte, men gjorde akkurat nok til å ta sin åttande trepoengar for sesongen.

Eirik Bakke om kampen Sogndal - Fredrikstad på Fosshaugane Campus.

Slik spelte Sogndal mot Fredrikstad

Her er Sogndal sine elleve frå start: Stefan Hagerup - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik, Victor Grodås - Jim Johansen, Petter Strand, Babacar Sarr, Lars Kristian Kjemhus - Robin Shroot, Ulrik Flo.

Trenar Eirik Bakke vel igjen å rullere på spelarane sine. Korkje Rune Bolseth, Christophe Psyche eller Mahatma Otoo er å finne i startoppstillinga.

– Bolli har spelt mykje, og vi har tre kampar på ei veke. Eg vel å kvile han i dag, men kanskje kjem han innpå. Det samme gjeld Christophe og Mahatma. Truleg spelar dei på onsdag, seier Bakke til NRK.no.

Victor Grodås før kampen mellom Sogndal og Fredrikstad.