NRK Meny
Normal

Nesten rekord for countryfestivalen på Breim

Dårleg laurdagsvêr til trass, Norsk Countrytreff går mot overskot etter over 13.000 gjester kom i helga.

Gå til forsiden

Norsk Countrytreff 2016

Brudepar på Countrytreff

Norsk Countrytreff 2016

47 bilder

    Det er klart etter at festivalleiar Arve Kleppe har fått sett noko nærare på tala for den 22. utgåva av countryfestivalen på Breim.

    Dei kjekke fakta fortel om besøkstal heilt opp under rekorden frå 2009. Festivalcampen husa opp under 2.000 gjester gjennom festivalen.

    Arve Kleppe - dagleg leiar Norsk countrytreff

    NØGD: Arve Kleppe, leiar for countryfestivalen på Breim, har grunn til å smile.

    Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

    – Vi har veldig gode besøkstal. 13.050 besøkande er ein oppgang i høve fjoråret då vi hadde 11.300 besøkande, strålar Kleppe.

    God fredag

    Vêrgudane har ikkje spelt heilt på lag med arrangørane, i alle fall laurdagen som tradisjonelt sett plar vere ein svært god dag for festivalen. For i år er det fredagen med Vassendgutane og Hellbillies som står att som den best besøkte dagen.

    Dagen gav også besøksrekord.

    – Vi hadde fantastisk vêr og mykje folk både torsdag og fredag. Laurdag var det eit frykteleg regnvêr, men eg er veldig positivt overraska over kor mykje folk det var, og kor god stemning det var, seier Kleppe.

    Trur på overskot

    Festivalen har på det meste hatt 13.100 besøkande. I fjor gjekk festivalen med 655.000 kroner i overskot, ei forbetring på vel halvannan million kroner frå det raude året 2014.

    Kleppe kjenner seg trygg på at dei også i år vil unngå raude tal i rekneskapen.

    – Det ser veldig bra ut. Eg trur vi skal komme på pluss, seier han.

    Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
    Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
    Ordninga bør endrast