Hopp til innhold

Countryfestivalen går ei spennande tid i møte

Eva Hage Solstad og Norsk Country Treff går ei spennande tid i møte. I dag møtte dei Kulturdepartementet om knutepunktstatusen.

Eva Hage Solstad

DAGLEG LEIAR: Eva Hage Solstad vedgår at dei er spente på kva regjeringa ser føre seg med knutepunktordninga.

Foto: Pressefoto

Statusen dei fekk i 2012 gir festivalen på Breim kring 1,7 millionar kroner årleg i statleg støtte.

Før jul fekk festivalen kritikk for ikkje å oppfylle kriteria som ligg til grunn for statusen. Eva Hage Solstad opplevde dagens møte med departementet som konstruktivt.

– Vi gjekk igjennom alle kriterium og gav tankar rundt det dei har gjort og tankar rundt innspel som har kome, seier den daglege leiaren for countryfestivalen.

Kraftig kritikk

Det var Norsk kulturråd som på oppdrag frå Kulturdepartementet vurderte måloppnåinga til alle av dei 12 knutepunktfestivalane. Norsk Country Treff på Breim fekk kritikk for å medverke til å halde oppe fordommar og stereotypar.

Vassendgutane på Norsk Contry Treff

POPULÆRE: Vassendgutane har vore eit av fleire populære innslag under Norsk Country Treff.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei fekk mellom anna kritikk for gjenbruk av artistar, at dei ikkje deltek på relevante bransjetreff og for liten grad av nyskaping og utvikling.

– Norsk countrytreff ser ut til å vere på høgd med samanliknbare festivalar nasjonalt, men kan ikkje vise til ei kunstnerisk måloppnåing i tråd med gjeldande kriterium for ordninga, konkluderte rapporten.

– Fekk utdjupe

I tillegg til Solstad, deltok også fylkesdirektør for kultur og kultursjefen i Gloppen på møtet med departementet i dag.

– Vi fekk utdjupe og forklare der vi følte det var naudsynt, seier Solstad og fortel at ho bad departementet sjå storleiken på tilskotet i forhold til målsetjinga for alle kriterium og den korte tida ordninga har fungert. Noko signal på korleis heile evalueringa endar fekk ho derimot ikkje.

– Dei informerte at dei ville ha innspelsrunde utover våren, slik at dei som har innspel til sjølve ordninga skal få moglegheit til å komme med innspel, seier ho.

I full gang

Festivalen samla kring 10.000 publikumarar då den i fjor vart arrangert for 20. gong . Gjengen bak er allereie i gang med å planlegge årets festival, som går av stabelen 9. – 12. juli. Solstad vedgår at dei går ei spennande tid i møte.

– Regjeringa har varsla at dette er ei ordning dei er usikre på om dei vil ha, så slik sett kjenner vi litt på at det er uklart kva dei tenkjer framover, seier Solstad og seier at statusen er viktig for festivalen.

Statusen gjer festivalen til del av eit nasjonalt kulturansvar.

– Den er også viktig for sjangeren. Det er viktig for oss å få formidla at countryen må få slik status som andre sjangrar, seier ho.