Hopp til innhold

Countryfestivalen får kritikk

Norsk Countrytreff i Breim tilfredsstiller ikkje krava til statusen som knutepunktfestival. Det er konklusjonen til Norsk kulturråd som på vegner av Kulturdepartementet har vurdert om dei ulike knutepunktfestivalane fyller kriteria for å ta imot statsstøtte. Ifølgje Dagbladet meiner Kulturrådet at ein ikkje fyller dei kunstneriske måla. Dagleg leiar i Norsk Countrytreff, Eva Hage Solstad, seier til avisa at dei har fått melding om kva dei må jobbe vidare med.