Hopp til innhold

Countryfestival kan få gjev status

Breim og Norsk Country Treff siglar opp som heit kandidat til å få status som knutepunktfestival for countrymusikk her i landet.

Countryfestival på Breim

Linedance er eit populært innslag under countrytreffet. på Breim

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Det er dagbladet.no som skriv at kulturminister Anniken Huitfeldt let det skine gjennom at ho innan kort tid kjem til å tilby knutepunktstatus til ein countryfestival.

Ein slik status blir gitt til ein leiande festival i sitt område. Det blir gitt pengar frå staten og det blir stilt viss krav til dei festivalane som får støtte. I 2010 er det 13 festivalar som er definerte som knutepunktinstitusjonar. No kan altså ein countryfestival få slik støtte for første gong.

Trur dei ligg godt an

Dagleg leiar for Norsk Country Treff, Ingemar Sårheim er svært positiv dersom dei blir ein knutepunktfestival.

– Eg er positivt overraska over at dette er aktuelt. Vi ligg nok godt an dersom dette blir ein realitet, trur han.

Utfordring og meir ansvar

For countrytreffet på Breim vil ein slik status bety ei stor anerkjenning. Men det ventar også nye oppgåver.

– Det er ei stor utfordring og det gir oss ansvar og meir å gjere. Vi skal vere eit knutepunkt for dei andre festivalane med hjelp til rådgjeving og rettleiing. Det er ei oppgåve vi blir nøydde til å følgje opp og vi skal naturlegvis vere eit knutepunkt for artistar og vi skal yte tenester til publikum.

Håper på pengar

Statsbudsjettet blir lagt fram på tysdag og Sårheim håper det ligg pengar der.

– Skal dette bli ein realitet allereie frå neste år, må pengane komme no. Vi håper vi får eit vedtak i samband med budsjettet.

– Viktig for sjangeren

Og det blir glede i Breimsbygda dersom deira treff får statusen.

– Då går flagget til topps, ikkje berre i Breim, men også i heile countrymiljøet. Dette er viktig for denne sjangeren.

– Får ein sikrare posisjon

Førdefestivalen har hatt slik status i fleire å, og festivalgeneral Hilde Bjørkum seier det hadde vore hyggeleg dersom countrytreffet fekk ein slik status.

– For oss har statusen betydd ein sikrare posisjon og større engasjement frå det offentlege. Men det betyr også auka krav til kva vi gjer. Dei åra vi har hatt statusen har vi også fått ein auke i løyvingane.