Hopp til innhold

Coop vil ha giganttomt i Førde for seg sjølv

Coop Vest vil ikkje dele giganttomta si i Førde med andre som vil byggje ut. Viss andre får byggje der, kan det bli vanskeleg for Coop Vest å satse vidare, meiner dei.

Coop Extra i Førde

KONTROLL: Coop Vest ønskjer å ha kontroll på si eiga tomt på Brulandsvellene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi tykkjer det vil bli veldig vanskeleg, seier administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe.

Han har lite sans for at det vert opna for at giganttomta deira i Førde i framtida kan verte bygd ut av andre selskap.

– Viss det skal byggjast ut meir på parkeringsplassen vår, så ønskjer vi styringa på det. Vi har så stor og god utvikling på vår Coop Extra at vi trur vi har trong for å bruke det området sjølve, seier Espe.

Vil ikkje ha restriksjonar

For i framtida kan Brulandsvellene bli det største handelssenteret i Sogn og Fjordane. Men før det skjer, er høyringsforslaget til Førde kommune at den gamle tomta som Coop Vest eig, først må byggjast ut meir.

Matkjeda skriv til kommunen at dei ikkje vil akseptere at andre utbyggjarar skal få lov til dette.

– Vi håpar no at det ikkje blir lagt restriksjonar på området som gjer at ein ikkje får til vidare utvikling. Vi meiner at vi treng utvikling i Førde, totalt sett, og det har vi lyst til å vere med på vidare, seier Espe.

Coop Vest meiner det vert vanskelegare for dei å satse vidare viss andre skal få byggje på tomta deira.

Coop-planar om handelspark på Brulandsvellene

PLANAR: Slik ser utkastet til ny handelspark på Brulandsellene ut.

Foto: Asplan Viak, skisse / NRK

Vil finne ein balanse

Men Førde-ordførar, Olve Grotle, seier at det ikkje er avgjort om fleire eller berre eitt selskap skal få byggje ut.

Alle innspel i saka skal høyrast, før saka vert handsama politisk.

– Kommunen er innstilt på å finne ein balanse mellom det å kunne ta i bruk nye område, og det å få ei forsvarleg utnytting på eksisterande handelsareal. For det er det det handlar om, seier Grotle.

Han legg til at det i dag er for dårleg utnytting av eksisterande areal på Brulandsvellene.

– Og det ønskjer ein å få opp, seier Grotle.