Hopp til innhold

Coop kuttar i Årdal

Fem årsverk forsvinn når Coop Prix sin butikk på Årdalstangen blir lagt ned, skriv Sogn Avis. Nedlegginga skal skje innan 30. september. Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, seier at butikken har gått med underskot i fleire år, og at nedlegginga er beklageleg, men siste utveg.