NRK Meny
Normal

Kommunen har tapt store pengar

I fabrikken på 3500 kvadratmeter på Kyrkjebø skulle Cool Flame Technologies nytte heilt ny teknologi til å produsere brenselceller til motorar. Ambisjonane var 80 tilsette. Det har gått frå vondt, til verre, til konkurs på fire år.

Nordic 3

STORE PLANAR: Fabrikken på 3500 kvadratmeter på Kyrkjebø i Høyanger skulle huse opp mot 100 tilsette. No er dei i ferd med å flytte ut.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

16. juni 2014 vart selskapet slått konkurs. Det var Firda som først melde om konkursen i dag.

Ambisjonane for fabrikken i industrikommunen Høyanger har vore svært store Det har vore snakk om 20–30 arbeidsplassar frå starten, og rundt 80 tilsette etter kvart. No står fabrikken heilt tom.

Oppseiingar hausten 2013

Opphavleg skulle bygget vere klart og produksjonen starte i 2010. Fyrst i 2012 stod fabrikken klar. Hausten 2013 var produksjonen enno ikkje starta, og tre av berre fire tilsette mista jobben.

– Status er at tre av dei fire på Kyrkjebø sluttar. Dei har jobb ut året, sa administrerande direktør Dag Øverbø i Cool Flame Technologies til NRK.no den gongen.

Nedbemanninga kom for å kjøpe tid, fordi selskapet enno ikkje hadde kome i marknaden, fortalde Øvrebø.

Allereie den gongen sa direktøren at det kunne verte aktuelt å leggje ned.

– Det er klart. Går vi tom for pengar må vi gjere det. Det er ein realitet som vi jobbar med heile tida, sa han i oktober.

– Det tok for lang tid

Og i starten av mai 2014 kom beskjeden om at den siste personen som var att på fabrikken skulle slutte.

Forklaringa på konkursen som varter enkel, ifølgje advokat Jan Tore Skåne.

– Det tok for lang tid før dei starta tene pengar, seier han til NRK.no

Skåne er bustyrar i konkursbuet til Cool Flame Technologies. Selskapet har forpliktingar for 5,3 millionar.

– Mesteparten av det skuldar dei statsføretaket SIVA. Dei har forplikta seg, men klarer ikkje å halde det.

Advokaten seier at selskapet har møtt eit problem som er svært vanleg for nystarta bedrifter.

– Ein har ide og ein patent, men det tek for lang tid frå forsking til drift. Eg er ikkje fagmann, men det same har skjedd med andre bedrifter eg har jobba med, seier Skåne.

Utflyttinga har allereie starta, fortel han.

– Husleiga er betalt til 30. juni, så då må dei vere ute, det har eg fortalt SIVA. Det har allereie vore flyttefolk på fabrikken og starta jobben.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petter Sortland

TOMT: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, er svært skuffa og trist over at fabrikken står tom og ubrukt, men vel likevel å sjå framover.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Skuffa ordførar

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, var optimistisk då tre av fire vart sagt opp i fjor haust.

– Eksterne investorar både i inn- og utlandet har spytta inn pengar i dette prosjektet, og gjer det enno. For kvar krone det offentlege har brukt, har private gitt tre. Så vi håpar på gladnyhende snart, sa Sortland.

I dag er han trist og skuffa, og seier at utsegnene i oktober var vel optimistiske.

– Vi såg allereie den gongen kva veg det gjekk. Det var nok meir ønsketenking. Men vi forsøkte å få til ein emisjon.

Fristen på denne gjekk ut i vår, og då gav ordføraren opp prosjektet som skulle skape arbeidsplassar for 60 – 80 tilsette.

– Vi hadde håpt på fire millionar kroner gjennom ein emisjon. Men når eksisterande aksjonærar ikkje trur på prosjektet er det fare på ferde. Det var nok spikaren i kista, seier Sortland.

Kommunen har tapt mykje

Ordføraren vedgår at kommunen har tapt mykje pengar på prosjektet.

– Totalt har vel kommunen og lokale investorar tapt i overkant av 20 millionar. Kommunen har lagt inn 10 millionar, det er omstillingspengar etter konkursen på Fundo.

Kommunen eigde frå starten rundt førti prosent i Cool Flame Technologies. På slutten var dette nede i 7–8 prosent, fortel ordføraren.

– Vi har tapt pengar. Men vi har mellom anna fått inn eigedomsskatt og har oppgradert systemet for vatn og avløp, noko som også kjem eit bustadfelt i nærleiken til gode.

Ordføraren understrekar at både lokale, nasjonale og internasjonale investorar har tapt mykje meir.

– Totalt er det nok brukt mellom 200 og 300 millionar på prosjektet. Private investorar har blødd i mykje større grad, seier han.

Til trass for dei dystre nyhenda, vel ordføraren igjen å vere optimistisk.

– Ein er nøydd til å vere optimist. Det er nesten litt gamalt nytt at dette prosjektet gjekk feil veg. Vi er nøydde til å tenke framover, seier Sortland og held fram.

– Jobb nummer 1 er å få folk inn. Vi eig tomta, og har noko på gang allereie.

Men det er for tidleg å røpe kva, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.