Hopp til innhold

Comeback for Funkarlaget

På Glopperock i sommar spelar Honndalen Soul & Funkarlag saman for første gong på åtte år. Det gler dei seg til.

Rasmes Kaare
Foto: Øystein Windstad / NRK

- Det er tøffe tider i landbruket, og me kjenner oss nøydde til å spe på med inntekter frå andre ting, seier Rasmes Kaare. Han er musikalsk leiar og dirigent for Honndalen Soul og Funkarlag.

Honndalen Soul & Funkarlag har ikkje spelt i lag sidan 1998. I åra før det hadde dei ifølgje Rasmes Kaare ei intensiv turnéverksemd med konsertar både på Eid, på Hellesylt og i Volda. Dette førte til at dei måtte leggja noko av gardsdrifta på hylla. I nokre år no har dei derfor sett seg nøydde til å konsentrera seg mest om garden.

- Men no set me mjølkeanlegget på automat og så legg me ut på vegen igjen, seier Rasmes Kaare, som seier at Funkarlaget gler seg voldsomt til konserten på Glopperock.

- Betyr dette at Honndalen Soul & Funkarlag oppstår på ny?

- Førebels har me ikkje fleire planar enn akkurat denne konserten, men me får sjå.

Juks å øva

Den musikalske leiaren seier at dei ikkje har begynt å førebu seg til konserten enno

- Me har ei haldning om at det er juks å øva. Øvar me så vil me dessutan begynna å grua oss voldsomt. Men me skal iallefall samlast og sjå litt på gitarane.

Historia til Funkarlaget går heilt tilbake til 1986, då dei starta opp for med eigne ord å "støtta bondestanden moralsk og reint musikalsk". I 1989 deltok bandet på Glopperock, og etter dette fekk dei utgje ein singel med låtane Siloen min og Landbruksmedley. Dei har hatt mange speleoppdrag rundt om i fylket, og hausten 1995 ga bandet ut si einaste plate Bak ei hes.