Hopp til innhold

Comeback for Bolseth, men det nytta ikkje mot serieleiar Vik

Tidlegare sogndalskaptein Rune Bolseth gjorde i dag comeback som fotballspelar. Men det var ikkje nok mot Vik, laget som har vore tippa nord og ned.

Rune Bolseth, comeback i 4. divisjon mot Vik

VILLE HJELPE: Rune Bolseth gjorde comeback på bortebane mot serieleiar Vik, men det blei likevel tap for Sogndal 2 i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi styrer kampen og har klart flest sjansar, men dei scora på sin eine sjanse og la seg djupt etter det. Då vart det vanskeleg for oss. Det var eit surt tap, seier Rune Bolseth.

Den tidlegare sogndalskapteinen spelte i dag sin første fotballkamp etter at han la opp som fotballspelar i fjor haust. Han er trenar for Sogndal 2, men avviser at han gjorde comeback i dag for å «skremme» serieleiaren Vik.

– Sogndal 3 hadde kamp i dag, gutelaget hadde kamp i går, A-laget har kamp i morgon, og vi hadde litt skadar i troppen, så då tykte eg at eg måtte bidra litt, seier Bolseth.

Vik tek kampropet Zikke zakke

FEIRING: Serieleiar Vik tek kampropet «Zikke zakke» etter 1-0-sigeren mot Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

På topp – mot alle odds

Vik vann i dag sin fjerde kamp på rad, har 12 poeng og 10–0 i målforskjell. Det var det få som trudde før sesongen. Laget var nemleg tippa nord og ned av fotballekspertane.

I dagens oppgjer gjorde keeper Stig Roar Hovland (38), som har over 300 kampar for Vik, ein ny kjempekamp. Han har endå ikkje sleppt inn mål og har no fått kallenamnet «smoltringmannen» (fordi han har 0 baklengsmål). Trenar for Vik, Aleksander Valsvik, er ein glad mann om dagen.

Aleksander Valsvik

GLAD: Trenar for den uventa serieleiaren Vik, Aleksander Valsvik, er svært nøgd med å toppe tabellen etter fire strake sigrar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette var fantastisk herleg. Det var ein slitekamp. Vi har ikkje ballen mykje, men vi stengjer målet bak og har marginane med oss, seier ein munter fotballtrenar etter kampen.

Valsvik synest det var kjekt å sjå Bolseth på fotballbana igjen.

– Det er strålande at han gjer comeback for å spele borte mot Vik. Det er rett og slett glimrande. Det gav oss litt ekstra piff og motivasjon til å stå på når han kom inn på bana, seier Valsvik med eit glimt i auga.

Uaktuell for eliteseriespel

Det er ikkje til å legge skjul på at Bolseth hadde ønskt seg eit litt anna resultat i dagens kamp.

Rune Bolseth, comeback i 4. divisjon mot Vik , 12. mai 2017

TILBAKE: Rune Bolseth spelte i dag sin første fotballkamp sidan han la opp, men han kjenner seg likevel ferdig med toppfotballen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er litt kjedeleg at eg ikkje fekk gjort noko her i dag, seier den tidlegare sogndalskapteinen.

– Eliteserielaget Sogndal er i ein vanskeleg situasjon og har nyleg henta inn Kjetil Wæhler (41). Er du òg aktuell for eliteseriespel igjen no?

– Nei. Midtbanespelarar har vi nok av. Så det er ingen fare, svarar han kontant.