Hopp til innhold

Verdsstjernene i Coldplay skryt av Jonas sin musikk

Verdsstjernene i Coldplay rosar Jonas Navarsete frå Sogn sin coverversjon av hiten "Fix you". Skryten delte dei med sine 11 millionar følgjarar på Twitter.

Coldplay roser Jonas sin coverversjon.

COLDPLAY ROSER JONAS: Verdsstjernene i Coldplay er har latt seg imponere over Jonas sin a capella coverversjon av hiten 'Fix you'.

– Å få lovord frå Coldplay er veldig spesielt, og når dei deler det på Twitter med sine følgjarar, så blir det 11 millionar gonger betre, seier Jonas Nyløy Navarsete.

Og han har grunn til å vere nøgd, for det er dei færrast forunnt å få skryt i sosiale medium av verdskjende popidol.

«Great job with your a capella Fix You cover», melde bandet ut til sine mange millionar følgjarar.

– Eg er fan av dei, og hentar mykje inspirasjon frå dei. Dei har mange gode songar og eg syns også at tekstane er fine, seier Jonas Navarsete, tydeleg stolt.

Har laga ei heilt spesiell tolking

Sogningen la i mai ut ein coverversjon av det britiske bandet Coldplay sin kanskje største hit, "Fix you, på Youtube.

Der kan ein sjå og høyre Jonas gjere sin heilt eigen vri på songen. For der andre legg ut coverversjonar som ligg tett opp til originalen, gjer Jonas det på sin måte. Han legg stemma si i fleire lang gjennom songen, slik at det høyrest ut som han har eit mannesterkt kor med seg.

– På det meste er det 45 lag av mi stemme opp på kvarandre, fortel Navarsete, som starta musikkarriera si for berre to år sidan, då han vart medlem i eit kor.

Korsongen inspirerte han så til å nynne meir på fritida, og då tenkte han at det måtte gå å lage eit kor heilt åleine også.

– Eg prøvde meg litt fram, lånte utstyr, prøvde litt meir, og tenkte at det vart kult. Så søkte eg på Youtube og såg at andre dreiv med det same, fortel han om bakgrunnen for songen.

Jonas Navarsete

FEKK ROS: Jonas Navarsete vart tatt på senga av rosen frå Coldplay.

Foto: Privat

Var uvitande om dei rosande orda

Til no har musikkvideoen han har laga blitt vist nærare 75 000 gonger på nettstaden Youtube, fire tusen av desse treffa har kome etter ros frå Coldplay.

– Det kjem gjerne fleire treff i løpet av dei næraste dagane, seier Navarsete, som sjølv vart teken heilt på senga av heile oppstyret.

For det var ikkje før Sogn Avis ringde og vekte han tidlegare i dag at han fekk med seg skrytet frå sine eigne idol.

Coldplay

LET SEG IMPONERE: Gruppa Coldplay er av eit av verdas største band, og dei er imponert over Jonas Navarsete sine musikalske prestasjonar.

Foto: J.P. Moczulski / AP

– Vanlegvis føl eg godt med i media, men då Sogn Avis spurte kva eg tykte om det, så måtte eg summe meg, for eg visste ikkje kva dei snakka om. Så tenkte eg berre steikje det, fortel han og ler.

Allereie no kan Navarsete avsløre at Coldplay og andre som likar musikken hans har fleire godbitar i vente.

– Eit av dei to prosjekta eg held på med er nesten ferdig, og eg håpar å ha den ferdig i løpet av ein månad. Når dette skjedde, så må eg berre skunde meg å få det ferdig.