Hopp til innhold

CNN: Lærdalstunnelen er «world's greatest tunnel»

Den amerikanske TV-kanalen meiner Lærdalstunnelen i Sogn er ein av verdas beste tunnelar og trekk fram lengda og seksjonane med fargerike lys.

Lærdalstunnelen

LYSER OPP: Lærdalstunnelen er ein av verdas ti beste, mest fantastiske eller mest spesielle tunnelar, ifølge CNN.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Lærdalstunnelen

LAAAANG: Lærdalstunnelen er berømt for å vere verdas lengste tunnel.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det er fantastisk og vel fortent meiner eg, smiler Noralv Distad.

Lærdalstunnelen får internasjonal merksemd gjennom ein artikkel hjå det internasjonale mediehuset CNN. Kanalen beskriv tunnelen i Sogn som ein av «the world's greatest tunnels».

Lærdalstunnelen er med sine 24,5 kilometer verdas lengste tunnel, og strekker seg frå Lærdal til Aurland. Distad er ordførar i Aurland kommune no, men var reiselivssjef då tunnelen vart opna i 2000.

– Den har fått mykje merksemd sidan den gongen, og eg hugsar at det var fleire internasjonale medium som ville skrive reportasjar om dei tekniske løysingane og designen då den vart bygd, fortel han.

CNN trekk også fram Spiralen i Drammen som ein av dei 10 beste tunnelane i verda.

Får skryt av tunnelekspert

Noralv Distad

ORDFØRAR: Noralv Distad (H) tykkjer det er flott at Lærdalstunnelen får internasjonal merksemd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

CNN har intervjua tunnelekspert og ingeniør Matt Sykes, som meiner tunnelen er ei unik køyreoppleving. Han seier at Lærdalstunnelen førte til innovasjon innan åtferdsvitskap og sjåførar sin psykologi når ein må køyre gjennom ein så lang tunnel.

Undervegs i tunnelen er det seksjonar med andre lysforhold som skal skape ein illusjon av at ein køyrer gjennom fleire tunnelar, i staden for berre ein lang.

– Det er gjort for å unngå at ein sovnar eller blir trøytt. Ein får ei oppleving undervegs og det er alltid folk som stoppar for å ta bilete. Ein blir litt lei av å køyre og då kan ein ta ei pause her, fortel Distad.

– Setter området på kartet

Ordføraren meiner at artiklar som den CNN har skrive er med på å trekke fleire folk til Aurland kommune og Sogn.

– Denne typen positiv publisitet setter området på kartet. Tunnelturisme i seg sjølv er kanskje ikkje så stor, men Lærdalstunnelen er ein del av totalopplevinga i området med Flåmsbana, fjord og fjell, seier Distad.

– I sommar plukka eg opp to haikarar frå Slovakia, ein medisinstudent og ein ingeniørstudent, som hadde Lærdalstunnelen som ein av dei tinga dei absolutt måtte få med seg. Det var spanande å snakke med dei, då tunnelen var relevant i begge sine studiar, fortel han.