Hopp til innhold

Club Brugge snusar på Hovland

Fleire utanlandske storklubbar er ute etter forsvarskjempa Even Hovland. No er også den belgiske storklubben Club Brugge på jakt etter 22-åringen.

Even Hovland

PÅ VEG MOT BELGIA? Even Hovland er i søkjelyset til storklubben Club Brugge.

Foto: Rune Fossum / NRK

Under oppgjeret mellom Sogndal og Odd Grenland for halvanna veke sidan var representantar frå klubben på plass for å kike på den populære herremannen frå Vadheim, skriv Sogn Avis.

Frå før har det vore klart at både den engelske Championship-klubben Crystal Palace og FC København har ønskt å få Hovland i stallen. Medan Hovland held orden i forsvarsrekkja mot Odd Grenland skal også to andre klubbar ha vore til stades på tribunen, ifølgje avisa.

Hovland sa til NRK.no i går at han ikkje anar kvar som skjer vidare. Heller ikkje Hovland sin agent, Jim Solbakken, ville måndag seie noko om framtida til 22-åringen.

Midstopparen seier til Sogn Avis at han ventar på eit konkret bod, men er samtidig klar på at interessa frå Belgia er interessant og at dette vil vere eit steg vidare.

Sportsleg leiar i Sogndal fotball, Trond Fylling seier til avisa at Hovland skal gå til ein større klubb så raskt som mogleg. Det er likevel mogleg at forsvarsbautaen kan bli verande i eliteserieklubben fram til neste sommar.