Hopp til innhold

Claus (57) har delteke i alle dei 24 ritta i Jotunheimen Rundt

Claus Clausen frå Askøy har ikkje skofta eitt einaste av dei 24 ritta i Jotunheimen Rundt. At han blir med til neste år også, er han nesten sikker på.

Claus Clausen

TRIVST: Claus Clausen har gjennomført alle dei 24 utgåvene av Jotunheimen Rundt.

Foto: Håvard Nesbø

– Eg har jo spurt meg sjølv kvifor eg gjer dette. Men eg tykkjer det er ein fin tur og eit flott ritt. Men det har jo til tider vore fælt, seier Clausen, som vart klokka inn på 14,22,46, ei tid han er godt nøgd med.

– Det er vel greitt nok. Eg trenar mellom seks og tolv timar i veka. Når ein har familie, så må ein trene når ein kan. Meir vert det ikkje, seier Clausen.

Blir ikkje yngre

At han stiller når Jotunheimen Rund feirar 25-årsjubileum neste år, reknar han med.

– Det trur eg ja. Men eg blir jo ikkje yngre eg heller, ler Clausen.

Fredag starta syklistane frå Lærdal på den 430 kilometer lange turen som endar i Sogndal dagen etter.

Først over det 1013 meter høge Filefjell, ned att til Vang og Fagernes, før den 1389 meter høge Valdresflya venta. Så vidare ned til Lom før den kanskje største styrkeprøven, stigninga opp til høgste punkt på Sognefjellet 1434 m.o.h.

Deretter nedfart frå Sognefjellet, gjennom Luster langs Lustrafjorden, før den siste kneika opp til Hafslo før det bar nedoverbakke att til Sogndal og målgang.

Har opplevd både snø og sludd

Med tre fjellovergangar som skal passerast på relativt kort tid, må ein bu seg på mange vêrtilhøve. For på fjellovergangar som ligg så høgt, kan ein brått oppleve både ei og to årstider, på ein gong.

– Turen i år var kjempeflott. Men eg hugsar 2011. Huff, det var ikkje mykje gøy. Det var snø og sludd og eg veit ikkje kva, seier Clausen.

Han kan ikkje trekkje fram eit spesielt ritt som har vore ekstra ille eller ekstra bra.

– Dei går litt i eitt. Det må eg innrømme, seier Clausen.

Likar seg godt i Sogn

Han understrekar at han berre deltek på to ritt i året, Jotunheimen Rundt og Voss-Bergen. Og Jotunheimen Rundt er i ein eigen kategori. Men ikkje fordi det er så tøft.

– Nei, det uroar eg meg ikkje for. Men det som er vanskeleg er kva klede ein skal ta med. Det er så mange årstider ein kan møte på. Så før løpet er det det eg tenkjer mest på, ikkje alt slitet, seier Clausen.

Hordalendingen legg ikkje skjul på at han trivst svært godt i indre Sogn.

– Eg likar fjell og stortrivst i Sogn. Tunge bakkar gjer meg lite, for eg er liten og lett, seier Clausen.

Fleire påmelde enn i fjor

Rittleiar Håkon Nesse er godt nøgd med årets arrangement, og tykkjer det er ekstra gjævt at Clausen tek turen år etter år.

Håkon Nesse

FLEIRE DELTAKARAR: Rittleiar Håkon Nesse fortel at Jotunheimen Rundt hadde ein oppgang i talet på deltakarar samanlikna med i fjor.

Foto: Håvard Nesbø

– Klart det er stas. Vi håpar han kjem tilbake til 25-årsjubileet vårt neste år, seier Nesse.

Totalt var 335 personar påmelde til årets ritt, 312 av dei stilte til start.

– Det er ein liten oppgang frå i fjor. Vi var redd for at talet skulle gå noko ned, sidan mange andre ritt har opplevd det, difor er det ekstra gledeleg å sjå dette, seier Nesse.