Hopp til innhold

Cirkus Agora trugar med flytting

Rådmannen vil ikkje gje pengestøtte. Kan bety kroken på døra for Cirkus Agora i Eid.

Cirkus Agora har søkt Eid kommune om 100.000 kroner for å finansiere ein tur til Island i haust, skriv Fjordabladet.

Pengar frå Kultur- og kyrkjedepartementet og sponsorar utgjer størstedelen av budsjettet, men sirkuset treng ytterlegare 100.000 kr for å kunne finansiere turen.

Marknadssjef for Cirkus Agora, Jørn Kvist, håpar Eid kommune vil stille opp.

Frarår

Saka skal opp i formannskapet torsdag. Rådmannen frarår kommunen å innfri søknaden, på grunn av skral økonomi.

Kvist seier til Fjordabladet at Cirkus Angora har vore etablert i Eid i 20 år utan å få pengar frå kommunen i det heile, utanom småsummar til kulturprisen og programhefte.

– Vi er ein arbeidsplass som er registrert i Eid med 40 personar på skattelista. Eid bør kjenne sitt ansvar når det gjeld bygda sitt eige sirkus, meiner Kvist.

Island

Kvist hevdar at Island-turen er ein moglegheit for sirkuset til å kome på fote økonomisk, slik at det kan gjere investeringar for framtida.

– Vi får utvida sesongen, og er overbeviste om at publikum på Island vil støtte oss, seier Kvist.

– I dag har vi nok med å betale rekningar, og kjem ikkje godt ut når det gjeld naudsynte investeringar framover, sukkar marknadssjefen.

Kroken på døra

Dersom Cirkus Agora ikkje får dei 100.000 dei ynskjer, kan det bety kroken på døra eller flytting for sirkuset.

– Om vi ikkje kan utvide sesongen med å reise til Island, kan det bety kroken på døra for oss, meiner Kvist, som seier at det inntil vidare er eit mål for sirkuset å bli verande i Eid.

– Publikum i Eid er det mest trufaste vi har, og det er på tide at kommunen ser det potensialet som ligg i å ha sitt eige sirkus. Cirkus Agora er truleg det namnet som oftast blir brukt for å profilere Eid, så no bør kommunen stille opp, konstaterer marknadssjefen.