Hopp til innhold

Cirkus Agora startar opp utan dyr

Cirkus Agora skal på vegane att. Og det skjer utan dyr.

Jan Ketil Smørdal

Jan Ketil Smørdal satsar på sirkus utan dyr.

Foto: Larsen, Annemor / VG

Sirkuset som gjekk konkurs i november , er i gang igjen. Og det som eit reindyrka artistsirkus.

- Vi skal køyre med eit heilt nytt konsept. Nemlig nysirkus med den klassiske sirkussjela, seier direktør i Cirkus Agora , Jan Ketil Smørdal til NRK.

- Vanskeleg avgjer

Planane om comebacket vart måndag lansert under ein pressekonferanse i Oslo. Sirkusdirektøren frå Eid sat side om side med Siri Marthnsen frå dyrevernorganisasjonen NOAH. I april i fjor avlyste ein dyrevernaktivist ei av Agora sine framsyningar i Lærdal.

- Vi skal ikkje ha dyr i det heile. Det var ei vanskeleg avgjer å ta. Eg er ein ekte "klassisk sirkushest" som har opptredd med ville dyr. Det var vanskeleg å droppe hesten, seier Smørdal til NRK.

- Vi skal klare det

Det er første gang at eit sirkus satsar kun og blott på artistunderhaldning under teltkuppelen. Årets førestilling har eit budsjett på 11-12 millionar kroner. Premierestaden blir Drammen.

- Ingen trur at det vil vere mogleg å vise sirkus utan dyr. Men vi skal klare å overbevise publikum om at det går an. Det som let seg gjere i store sirkusland ute i Europa, går også an å gjere her heime, seier marknadssjef Jørn Kvist til NTB.

- Veldig populært

- Det er veldig populært og eg trur folk vil kjøpe det. Det fungerer i andre land og då tykkjer eg at det er på sin plass at også Norge skal få ta del i dette, seier Smørdal til NRK.

Dyrevernorganisasjonen NOAH gler seg og meiner at tida for dyresirkus er ute.

Verdsstjerner

I botn for Cirkus Agora sine nye førestillingar ligg artistar frå det verdsskjende canadiske artistsirkuset Cirque de Soleil. Det blir også norske artistar i manesjen.

Ovanfor NTB trekkjer Kvist fram 19 år gamle Veronica Ljones frå Fredrikstad. Ho har vore elev ved Smørdal sin sirkusskule og blir presentert som sirkuset si eiga sirkusprinsesse.