For sju år sidan vart Cilleborg-Jensen feilaktig arrestert og varetektsfengsla for valdtekt, og erstatningssøksmålet er enno ikkje avgjort.
Saka skal for retten 28. mai, men mykje tyder på saka nok ein gong blir utsett. No vonar Cilleborg-Jensen at justisministeren tek ansvar og får til ei avklaring.
Cilleborg-Jensen krev 3,6 millionar kroner i erstatning frå staten, medan regjeringsadvokaten ber Nordfjord Heradsrett avvise kravet.