Hopp til innhold

Turistane rosar Ciderhuset - toppar kåring for fjerde år på rad

Turistar frå heile verda har for fjerde året på rad kåra Ciderhuset i Balestrand til den beste restauranten i Sogn og Fjordane, og ein av dei beste på heile Vestlandet.

Gard Eitungjerde Høyvik klargjer cider frå Ciderhuset i Balestrand

BEST: Gjestane som kjem til Ciderhuset i Balestrand rosar restauranten, og for andre året på rad har dei fått fortreffelegheitsbevis frå nettstaden TripAdvisor.

Foto: Eldgrim Fossheim

– Det er mange som har vore inne på nettstaden for å skrive positive tilbakemeldingar, om at dei likar maten, servicen og utsikta. Det er veldig kjekt, seier Gard Eitungjerde Høyvik.

Saman med kona Tuba Ardic og foreldra Eli-Grete og Åge, driv han familieverksemda Ciderhuset, som produserer cider og drammar og driv restaurant om sommaren.

I tillegg til å toppe lista over stadar å ete i fylket, så har verksemda for andre året på rad blitt tildelt eit "Fortreffeligheitsbevis", frå nettstaden TripsAdvisor.com. Det er ei utmerking som blir gjeve til hotell og serveringsstader som over lang tid toppar tilbakemelidngslistene frå gjestane.

Ciderhuset i Balestrand

FAMILIEVERKSEMD: I 10 år har Ciderhuset levert kortreist mat, drikke og opplevingar, og av 780 restaurantar på Vestlandet kjem den ut som tredje beste ifølgje nettstaden TripAdvisor.

Må også tole kritikk

På nettstaden legg gjestar inn sine tilbakemeldingar om opplevingar på hotell, restaurantar og reisemål. Der får verksemdene både ris og ros, og mange nyttar seg av tilbakemeldingane for å orientere seg i jungelen av tilbod når dei reiser til ein ny stad for å oppleve mat, kultur og historie.

Og sjølv om Ciderhuset er peika ut som den tredje beste restauranten av 780 restaurantar på Vestlandet, er det likevel ikkje alle som er strålande nøgde.

– Det er mange som kjem med store forventingar, som kanskje har lese alle tilbakemeldingane frå tidlegare kundar, som skryt og seier mykje flott. Nokre gonger kan servicen bli litt sein, eller dei har hatt uflaks. Då har vi fått nokre ikkje fullt så gode tilbakemeldingar, men det er berre sunt, seier Tuba Ardic.

Og dei som melder tilbake om at dei er misnøgde med opplevinga, får som oftast svar frå vertsskapet.

– For tre år sidan var det ein som skreiv at fiskebollane var dyre og ikkje så veldig gode. Då skreiv vi tilbake og forklarte at dei var laga av kamskjel frå Bremanger, som ein har handdyka etter, og at det var grunnen til at prisen var høg, forklarar Høyvik.

FØR CIDEREN ER KLAR FOR SAL, MÅ SISTE GJÆRRESTANE UT - HER SER DU KORLEIS
(Artikkelen held fram under videoen)

Gard Eitungjerde Høyvik klargjer cideren, ved å skyte ut gjærrestar.

– Kvalitet blir verdsett

Familien har halde på med verksemda i ti år, og i tillegg til restauranten og drikkeproduksjonen, så arrangerer dei bryllaup og andre arrangement, skipar til kunstutstillingar og konsertar.

Maten som gjestane får servert kan i høgste grad seiast å vere kortreist.

– Vi seier ofte at dei får servert "ureiste" mat og drikke laga av ein langreist kokk, fortel tyrkiske Tuba og ler, når ho skal skildre ein av matrettane ho diskar opp med.

I tillegg har dei eigen urtehage og salathage, og mesteparten av grønsakene er produserte på garden.

– Det er mykje hardt arbeid å halde på, men vi driv alle på med andre ting på sida, og det gjer at vi aldri går leie. Eg trur det gjer oss meir berekraftige og i stand til å legge ned mykje arbeid. Det er kjekt at andre set pris på at vi jobbar med kvalitet, avsluttar Gard Eitungjerde Høyvik.