Hopp til innhold

Christoffer venta i eitt år på å kome i fosterheim

Over 200 barn i Norge ventar på ein ny heim, men Bufetat greier ikkje å skaffe nok fosterforeldre.

Christoffer Korneliussen

UROA: Christoffer Korneliussen venta på fosterheimsplass i eitt år. Han er uroa for dei 200 barna som no ventar på ein fosterheim.

Foto: Adalheidur Oldeide

– Foreldra mine hadde store problem med rus, og eg måtte greie meg mykje på eiga hand. Eg hugsar at det var nokon som reagerte på at eg kunne lage mat sjølv når eg var så ung, seier Christoffer Korneliussen (28).

Han var seks år gamal då ein lærar reagerte på at noko ikkje var som det skulle med den vesle guten. Han var distre, og hadde ofte gløymt å gjere leksene sine.

Vanskeleg barndom

Læraren kontakta barnevernet, og Korneliussen blei frivillig plassert i ein midlertidig heim i vente på ein fosterheim.

– Eg blei raskt glad i dei eg budde hos i beredskapsheimen. Det var vanskeleg å vite at eg skulle flytte enda ein gong. Det var ei turbulent periode.

Opphaldet som skulle vare i to månader blei til eitt år.

– Å vente så lenge på å få ein heim, gjorde at eg var mykje uroleg og hadde vanskeleg for å knytte meg til folk.

Fristen for å plassere barn i fosterheim etter at vedtaket er gjort er seks veker, men 200 barn i Norge i dag har venta lengre enn denne fristen.

Venta i nesten tre år

Rita Tonning

- UTFORDRANDE: - Vi greier ikkje å rekruttere nok fosterheimar, seier Rita Tonning i Bufetat region vest.

Foto: Bård Siem / NRK

Årsaka til ventetida er mangel på fosterheimar, ifølgje Rita Tonning i Bufetat region vest.

– Vi greier ikkje å rekruttere nok fosterheimar. Vi manglar særskilt fosterheimar til barn over ti år, og fosterheimar som kan ta i mot søsken.

I region vest er det kring 40 barn som har venta i over seks veker. Ei ni år gamal jente har venta i 1012 dagar.

– For lenge

– Dessverre er det slik at det finnast barn som ventar i to til tre år. Det er alt for lenge, seier seksjonsleiar i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Unni Nygaard

Ho understrekar at det har vore ein nedgang i ventetida frå 2014 til 2015.

– Det er viktig å finne ein fosterheim som passar det enkelte barnet. Dessutan er det få av dei barna som ventar i heimen sin. Dei fleste blir plassert i ein midlertidig beredskapsheim.

– Treng stabilitet

Veronika Løveng-Hansen, nestleiar i Landsforeningen for barnevernsbarn trur konsekvensane for barna er alvorlege.

– Desse barna er i ei krise i utgangspunktet. Å vente på ein heim vil nok forsterke dette. Dessutan vil nok mange føle seg uønskte når dei blir verande i ein midlertidig heim.

Korneliussen seier fosterheimen redda barndomen hans når han først fekk ein varig plass å bu.

– Det var den beste tida i barndomen min. Det var ein tryggleik å vite at eg alltid hadde dei same menneska å ta omsyn til.