Hopp til innhold

Ungdomane trur hallen får store ringverknader

SKEI (NRK): – Det blir bra for fellesskapet. Eg trur hallen vil bety veldig mykje.

Christine Flo Nydal og Håkon Mallesvik i 8. klasse ved Skei skule

GLER SEG: – Ein fotballhall betyr at vi får betre forhold for å trene fotball innandørs på vintertid. No trenar vi i gymsalen på skulen. Der er det liten plass, seier åttandeklassingane Christine Flo Nydal (t.v.) og Håkon Mallesvik på Skei.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Det seier Håkon Mallasvik og får samtykkande nikk frå medeleven Christine Flo Nydal.

Dei to åttandeklassingane meiner milliongåva frå Trond Mohn, betyr mykje for langt meir enn berre idretten i Jølster.

– Eg trur det blir mykje betre å komme hit, når folk ser at ein kan vere aktive heile året, seier Mallasvik.

Måtte roe seg ned

Det er måndag, men på langt nær noko blåmåndag i Jølster. Under folkemøtet om den planlagde fotballhallen på Skei, sleppte Nils-Einar Kjøsnes ei nyhende som slo ned som ei bombe - med positivt forteikn.

Nils-Einar Kjøsnes og Trond Dvergsdal

VART RØRTE: Nils-Einar Kjøsnes og Trond Dvergsdal sit begge i arbeidsgruppa for å jobbe fram fotballhallen på Skei. – No må vi lande og gå vidare. Det er framleis ein veg å gå og nålauge vi skal gjennom. Men med desse pengane blir det lettare, seier Kjøsnes.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Den bergenske milliardæren Trond Mohn løyver ti millionar kroner til bygginga av fotballhallen. Det doble av det arbeidsgruppa, som Kjøsnes er med i, søkte om.

Det var Firda som først omtala milliongåva.

– Eg vart heilt skjelven då eg fekk telefonen. Eg måtte stoppe opp og roe meg ned før eg kunne køyre vidare. Det var heilt fantastisk, seier Kjøsnes og vedgår at det vart vanskeleg å halde på løyndomen frå torsdag til søndag.

– No slår alt inn

Gåva kom på eit gunstig tidspunkt. Planane er skalert ned for å møte kalkylen på 46,6 millionar. Etter anbodsrunden var lågaste tilbod på kring 68 millionar kroner.

– Vi tok vekk serviceanlegg og garderobeanlegg. No slår alt inn og vi er tilbake til det opphavlege, seier Trond Dvergsdal, også han medlem av arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa er optimistiske med tanke på å få inn dei siste 2,8 millionane som trengst.

– Det er veldig gledeleg, seier Dvergsdal.

– Naudsynt hall

Laila Tefre Dvergsdal

FOR ALLE: – Hallen blir, som dei sa på møtet, ei storstove på Skei. Det blir ein hall som samlar og genererer aktivitet heile året, og ikkje berre fotball, seier Laila Tefre Dvergsdal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Laila Tefre Dvergsdal, leiar i Jølster Idrettslag, seier hallen eigentleg har hengt i ein noko tynn tråd siste tida. Milliongåva frå ein raus bergensar varmar difor meir enn ein skulle tru.

– Det betyr at vi får ein komplett hall, med garderobeanlegg, fotballbane i komplett storleik og ein mindre klatrevegg. Det er naudsynt for idrettslaget og for Skei skule, seier ho.

– Hallen betyr mykje for å utvikle Skei som buområde. Den er eit næranlegg for Skei, men samstundes ligg vi midt i fylket og det er enkelt og kort tilkomst for andre, legg Kjøsnes til.

Under folkemøtet søndag vart hallen skildra som ei storstove for Skei.

– Den blir eit samlingspunkt for bygdefolket, og her kan foreldre komme innom for ein kaffikopp medan borna er på aktivitet. Eg trur hallen vil samle veldig mykje folk, seier Tefre Dvergsdal.

– Heilt fantastisk

Naustdal-ordførar Håkon Myrvang viser Trond Mohn rundt under opninga av den nye hallen

GLEDE: I 2016 kunne Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap) vise Trond Mohn (t.h.) inn i den flunkande nye idrettshallen.

Foto: Bård Siem / NRK

Gleda jølstringane kjenner på, har dei også kjent i Tambarskjelvar, Sogndal Fotball og Langeland skisenter.

Den rause bergensaren har løyvd mange millionar til idretten på Vestlandet. Også her i fylket:

– At ein person kan vere så gåvmild ovanfor oss her oppe, er heilt fantastisk, avsluttar Tefre Dvergsdal.