NRK Meny
Normal

Christina-saka til Stortinget

Sogndal Høgre vil sende saka om Sogndal kommune si handsaming av den sterkt pleietrengande Christina Flåten til Stortinget.

Christina Flåten

FRYKTA DOTTERA SKULLE DØY: Foreldra til Christina Flåten frykta dottera skulle døy og klaga behandlingstilbodet inn for Fyleksmannen. No vil Høgre ta saka inn for Stortinget.

Foto: NRK

Sogndal kommune vil på sikt ta tilbake omsorga for den svært sjuke 17-åringen, trass i all kritikken dei har fått for mangelfullt behandlingstilbod.

Etter at Fylkeslegen i Sogn og Fjordane sa seg ugild vart saka handsama av Fylkesmannen i Hordaland som nyleg kom med krass kritikk av kommunen sitt tilbod.

Etter at kommunen varsla at dei likevel på sikt ønskjer å ta tilbake omsorga, reagerte Sogndal Høgre sterkt. Dei tok saka vidare til stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og partiet vil no ta saka til Stortinget, skriv Sogn Avis.

Frykta dottera skulle døy

Foreldra til Christina Flåten, Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug, fortalde i vår NRK historia om den svært samansette sjukdomen til dottera.

Dei desperate foreldra såg at dottera vart stadig sjukare under Sogndal kommune si omsorg, og var redde for at ho skulle døy.

– Det er ein grufull situasjon å vere i, nesten heilt umenneskeleg for alle. Vi klarar knapt å takle dette meir. Vi er redde for livet hennar, fortalte Frank Flåten til NRK den gongen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Christina Flåten

Mange delte ansvaret for den sjuke tenåringsjenta

Foreldra klaga behandlinga inn for Fylkesmannen, og Fylkesmannen i Hordaland vurderte tre forhold rundt 17-åringen. Bere på eitt punkt unngjekk kommunen kritikk. Det gjeld situasjonen for Christina Flåten i dag.

No får ho behandling ved ein privat institusjon, av selskapet Melås AS. Tilbodet her har gjort til at ein har sett stor framgang for den sjuke tenåringsjenta.

I si vurdering av kommunen sitt omsorgstilbod til Flåten skriv Fylkesmannen i Hordaland at det truleg har vore opp mot 38 personar som delte på ansvaret for den sjuke jenta.

Flåten var plassert i ein bustad for psykisk helsevern, og kommunen får også kritikk for ikkje å ha følgt godt nok med på dei fysiske sidene av sjukdomen hennar. Dette blir sett i samanheng med det store talet personar som delte ansvaret for Flåten.

"Vi meiner Christina Flåten sitt behov for somatisk helsehjelp vart fanga opp for seint i den kommunale omsorgsbustaden, og at kommunen ikkje følgde med på tilstanden hennar p ein god nok måte. () Dette avviket frå god praksis er så markert at vi ser det som eit brot på kommunen si plikt til å gje forsvarleg helsehjelp og god omsorg", står det i vedtaket.

Det andre hovudpunktet kommunen får kritikk for, botnar i mangelen av ein individuell plan for situasjonen til Christina Flåten, og retten til eit koordinert helsetilbod.

Blir orientert om saka måndag

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, kjem til Sogndal på måndag for å få ei orientering i saka.

Lødemel seier til Sogn Avis at det er svært urovekkjande at kommunen no skapar frykt i forhold til framtida til jenta.

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

Vegopning på Bergum i Førde kommune