Hopp til innhold

Christina-saka opprører politikarar

Lokalpolitikarane i Sogndal krev at kommunen straks syter for at Christina Flåten (17) får den hjelpa ho treng for å få ein betre kvardag.

Christina-saka opprører politikar Margrete Haug

OPPRØRD: Formannskapsmedlem Margrete Haug (KrF) krev at det straks blir gjort noko for Christina Flåten.

Foto: Torje Bjellaas/Geir Bjarte Hjetland/Montasje / NRK

I Vestlandsrevyen i går kveld kom foreldra til Christina med eit fortvila rop om hjelp. Dei er redd dottera vil døy dersom ho ikkje får betre behandling enn det ho har fått til no av Sogndal kommune.

  • LES OGSÅ: Fryktar at Christina skal døy
  • SJÅ TV-INNSLAGET:
    Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

    Skuldar kommunen for omsorgsvikt

Ho klarer knapt å gå lenger, ho får harde krampeanfall og tilbringer det meste av tida i senga i omsorgsbustaden ho har gjennom kommunen. Og legane greier ikkje å finne nokon klar diagnose for kva det er som har skjedd med jenta.

Christina er døv, men elles var ho fram til 2008 ei frisk og aktiv jente.

Torsdag vart saka teken opp i Sogndal formannskap, og fleire av politikarane tok ordet og sette fram krav om at noko må gjerast.

(Artikkelen held fram under biletet).

Margrete Haug, KrF

- HJARTESKJERANDE: Margrete Haug, (KrF).

Foto: Geir bjarte Hjetland / NRK

– Hjarteskjerande

Magrete Haug (KrF) var mellom dei som vart opprørd over det ho såg i tv-reportasjen.

– Det var hjarteskjerande, og eg ville ikkje tru at vi hadde slike situasjonar i Sogndal kommune. Her må det strakstiltak til. Eg er glad for at rådmannen sa at det ikkje skal stå på økonomi.

– Eg ber intenst om at den rette instansen i Sogndal må hjelpe, og ikkje utsette sakshandsaminga. Her må Kristina få hjelp i dag. Vi kan ikkje vere bekjent av at folk ligg og ropar om hjelp og at foreldra har hjartebank og angst 24 timar i døgeret. Set saka på dagsordenen og få i gang noko i dag!

– Vondt å ikkje vite

Karin Vikane (H) syntest og det var vondt å sjå innslaget om Christina og foreldra.

– Det var vondt at eg som kommunepolitikar ikkje visste at slik har vi det i heimbygda vår. Eg håpar no at mennesket står i sentrum, og ikkje millionar, og at rådmannen held det han lovar, at det her kjem pengar og gode tiltak for jenta.

– Det handlar om framtida hennar, ho skal ha livskvalitet i kvardagen. Dette må ikkje bli eit offer for byråkratisk sakshandsaming, det er det ikkje tid og rom for no.

(Artikkelen held fram under biletet).

Christina Flåten

I EIN GOD PERIODE: Christina Flåten under opphaldet på Nordåstunet.

Foto: privat

Også ordførar Jarle Aarvoll (Ap) reagerte på det han såg i reportasjen på Vestlandsrevyen.

– Det var sterkt, og det er leit at dei pårørande ikkje er nøgde med tenestene. Vårt mål er heile tida å yte best mogeleg tenester.

– Ikkje spørsmål om økonomi

Rådmann Jostein Aanestad forsikra formannskapet om at kommunen vil gjere det som trengst.

– Det er aldri eit spørsmål om økonomi i slike saker, det er spørsmål om gode og fagleg forsvarlege tenester, og vi gjer det som gjerast kan.

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal

IKKJE SPØRSMÅL OM PENGAR: Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal. Til venstre Eline Orheim (Ap).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK