Hopp til innhold

Christina-saka fekk Tone på gråten

Saka om 17-åringen Christina Flåten frå Sogndal har rørt ved mange sine hjarterot den siste tida.

Tone song for speidarane

RØRT: Tone Damli Aaberge tok til tårene då ho såg saka om Christina Flåten.

Den tidlegare så aktive jenta lir av ein mystisk sjukdom og avheng av hjelp 24 timar i døgnet. I førre veke stod foreldra hennar fram på NRK og fortalde om ein fortvilande situasjon.

Situasjonen til Christina Flåten har rørt ved politikarar og det norske folk. I helga høyrde også artist, og sambygding, Tone Damli Aaberge om saka.

– Eg må ærleg innrømme at eg byrja å grine. Eg vart heilt skaka, fortel ho.

– Nokon må ta tak

På nettsamfunnet Facebook er det no oppretta ei støttegruppe for 17-åringen frå Sogndal, med ynskje om «at Sogndal kommune gir Christina Flåten eit verdig liv».

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

SJÅ TV-SAK: Skuldar kommunen for omsorgssvikt.

Her er Damli Aaberge eitt av over 1.100 medlemer. Ho ynskjer å hjelpe til – men veit ikkje heilt kva godt ho kan gjere.

Christina Flåten

TRENG HJELP: 17-åringen Christina Flåten.

Foto: privat

– Christina er ein person som har vore på alle mine konsertar i Sogndal, og eg kjenner eg blir dårleg når eg ser kor sjuk ho er blitt. Eg berre håpar nokon tek tak, for ho treng hjelp, seier ho.

Vurderer søksmål

Verken Sogndal kommune eller Helse Førde har så langt klart å bli samde om kven som skal ta ansvaret for den sjuke jenta. Ho er no blitt ein kasteball mellom sjukehusa og kommunen.

Familien er svært misnøgde med tilbodet frå kommunen og har klaga saka inn for fylkeslegen. Dei vurderer også økonomisk søksmål mot kommunen for det dei meiner er uverdig behandling av jenta.

– Ho er i ferd med å gje opp no, ho orkar vel ikkje så mykje meir. Ved fleire høve i det siste så har ho sagt at ho vil døy, fortalde mor hennar, Ann Sigrid, til NRK.no.

– Sterke inntrykk

Alle ekspertar rår til tett oppfølging frå eit lite team, men realiteten er over 30 ulike personar i turnus som tek seg av 17-åringen.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, vedgår at saka har gått sterkt inn på han og at dette er ei vanskeleg sak for kommunen.

Helse Førde og kommunen har hatt fleire møter sidan saka vart offentleg kjend. Aarvoll seier han er kjend med at ein no prøvar å finne ei løysing.

– Det går føre seg prosessar alle involverte for ei best mogleg løysing, seier han.

– Står ikkje på ressursar

Foreldra krev at kommunen inngår avtale med det private tilbodet ho kan få på Melåstunet i Leikanger. Førebels er ingenting avklara.

I formannskapet i Sogndal sist veke forsikra rådmann Jostein Aanestad at det ikkje skulle stå på pengar for å finne ei løysing for Christina. Dette meiner også Aarvoll, men han legg til at det er sterk usemje om kva tilbod 17-åringen skal få.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Christina Flåten

SJÅ TV-SAK: Politikarar engasjerer seg for Christina Flåten.

– Når det gjeld menneske som treng mykje hjelp, så er det ikkje ressursar det står på i samfunnet vårt. Det er om å gjere å finne ein måte å gjere det på for som utnyttar ressursane på ein best mogleg måte for eit best mogleg tilbod, seier han.

Rettar krass kritikk

I helga tok Framstegspartiet saka opp på landsmøtet, medan same parti, KrF og Høgre lokalt har retta svært krass kritikk mot kommunen si handtering av saka.

SV og Ap har ikkje ville gå inn i nokon diskusjon. Aarvoll meiner det ikkje er tenleg at saka blir ei politisk sak.