Hopp til innhold

Vil komme i kontakt med desse to i eitt år gamal forsvinningssak

Politiet tek opp att forsvinninga til Christer Fretheim Flem (37) ved Haukåsen i Sogndal.

Politiet ynskjer å komme i kontakt med ein bilist og ein syklist i samband med forsvinninga til Christer Fretheim Flem ved Haukåsen i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Politiet fekk i førre veke video av to personar som dei ynskjer å komme i kontakt med i samband med den over eitt år gamle forsvinninga til Christer Fretheim Flem (37). FOTO: PRIVAT

SISTE: Politiet har onsdag vore i kontakt med syklisten, utan at vedkommande har gitt politiet nye spor å gå etter i forsvinningsssaka.

To personar skal gå igjennom heile saka på nytt for å prøve å finne svar på kva som skjedde då 37-åringen forsvann sporlaust under ein tur ved Haukåsen i Sogndal i mai i fjor .

Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt med Christer Fretheim Flem.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

HELD FRAM: – Det er ei vanskeleg sak å leggje vekk, seier Arne Johannessen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Saka er uløyst, familien har ikkje fått svar på kva som har skjedd og vi tykkjer det er ei vanskeleg sak å leggje vekk. Difor har vi sett ned to personar som skal gå gjennom den på nytt, frå A til Å, seier Arne Johannessen, einingsleiar for driftseininga i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt.

Etterlyser syklist

Eitt steg i det nye arbeidet var å be publikum om hjelp gjennom Åsted Norge. TV2-programmet viste i går to videoar av personar som politiet ynskjer å kome i kontakt med.

Den eine videoen viser ein mørk Audi stasjonsvogn på veg ned frå Haukåsen i 1830-tida. Den andre videoen viser ein syklist som kjem ut frå skogsvegen som 37-åringen gjekk på.

– Dersom nokon har sett noko, gi oss tips så vi kan få vite kva som har skjedd slik at vi får Christer heim og gitt han ei verdig avslutning på eit strevsamt liv, sa systera til Christer, Gro Charlotte Fretheim Sraidi, til TV2-programmet.

Omfattande søk

Leitar etter Christer

FORSVANN: Christer Fretheim Flem forsvann under ein tur i området ved Haukåsen lufthamn i Sogndal.

Foto: Privat

Christer hadde Angelmans syndrom og var på tur i området rundt flyplassen på Haukåsen. Det siste pleiarane såg av 37-åringen var at han stogga opp ved ein snøhaug. Etter forsvinninga oppretta fylkesmannen tilsynssak som konkluderte med at Christer fekk uforsvarleg helsehjelp .

Det har vore gjort fleire søk i området, både drone og helikopter med varmesøkjande kamera. Store styrkar har også søkt i terrenget. I førre veke fekk politiet videoane frå ein bilist som køyrde til og frå flyplassen.

– For oss er det viktig å få fram om dei har sett Christer, om det har vore bevegelsar i området. All informasjon som dei kan ha er viktig for politiet, seier Johannessen.

Har fått tips

Spesielt er politiet interesserte i å komme i kontakt med syklisten i rosa trøye og svart sykkelbukse, som kan ha sett Christer på skogsvegen.

Allereie under sendinga fekk politiet ringde publikum inn dei første tipsa.

– Eg kan ikkje seie noko om kva mengde og innhaldet i desse, men dette er noko vi går igjennom i dag. Eg trur og håpar at det skal gå greitt å finne ut kven dette er. Det er gode videoar og bilete, seier Johannessen.