Cermaq seeir nei til Fjord Seafood
Cermaq-gruppa er eit internasjonalt konsern som driv med fiskeoppdrett, produksjon av fiskefor og forsking på oppdrett. Nærings- og handelsdepartementet eig 79 prosent av Cermaq.
Børsnotering på eiga hand
Årsaka til at Cermac seier nei til Fjord Seafood utan ein gong å starte forhandlingane er at dei ser seg betre tent med å bli børsnoterte på eiga hand.
Mislukka forsøk i 2002
Men det er ikkje første gongen at ei samanslåing har vore diskutert. I 2002 røysta eit knippe Fjord-aksjonærer saman med amerikanske storeigarar ned eit forsøk frå Fjord på å fusjonere med Cermaq. Dermed tapte styreformann Rolf Domstein & co avrøystinga med knappast mogeleg margin på ei dramatisk ekstraordinær generalforsamling. Sidan det har styrkeforholdet endra seg mellom dei to selskapa.
Domstein utan kommentar
Rolf Domstein seier han tek avgjerda frå Cermaq til etterretning, ut over det vil han ikkje kommentere saka.