NRK Meny
Normal

Cappelen legg ned Høyanger

Høyanger og Årdal er lagde ned som industristader, skal vi tru ei lærebok for elevar på vidaregåande skule frå Cappelen.

Høyanger Verk er nedlagt, trur Cappelen
Foto: NRK

Boka er trykt opp i 12 000 eksemplar.

Lærar ved Høyanger vidaregåande skule, Kristin Sagerøy, var mildt sagt overraska då ho oppdaga dei feilaktige opplysningane.

For seint for fyrsteutgåva

Cappelen beklagar det som har skjedd, men seier det er for seint å gjere noko med fyrsteutgåva av læreboka no. Dermed vil fleire tusen elevar på den vidaregåande skulen bruke bøkene.

Dyster lesnad

Geografilærar Kristin Sagerøy og ordførar Kjartan Longva blar forbausa i den splitter nye geografiboka frå Cappelen. Boka kom ut for nokre få veker sidan, og skal vere læreboka for elevar i andre klasse på allmennfag i den vidaregåande skulen. Det betyr at fleire tusen elevar altså vil bruke bøkene. For ordførar Longva er læreboka dyster lesnad.

 

Kjartan Longva, ordførar i Høyanger
Foto: NRK

- Det står at i Høyanger er produksjonen av aluminium stansa, faktum er at Hydro har tent 150 milionar her i år. I Årdal blir det vedteke nedlegging i 2006, står det vidare.

- Produksjonen er avslutta

I boka står det at Høyanger er ein einsidig industristad og at produksjonen av aluminium er avslutta i Høyanger. I tillegg står det at ein har vedteke å legge ned aluminumproduksjonen i Årdal i år. Men Longva er ikkje med på at bygda hans er nedlagd som industristad.

- For det første blir vi presentert som einsidig industristad. Etter at vi starta med omstillingsarbeidet er vi vel ikkje så einsidig lenger. Vi har etablert ei rekkje mindre bedrifter for å ikkje vere så sårbare lenger.

- Kva tykkjer du om at tusenvis av elevar får dette inntrykket av Høyanger?

- Det er ikkje særleg positivt for oss, men det får vere opp til dei som underviser å rette det opp. Om elevane ikkje les meir lekser enn vi gjorde i mi tid så er det kanskje ikkje så mange som får det med seg, heller.

 

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Heller ikkje i Årdal er ordførarkollega Arild Ingar Lægreid nøgd med læreboka.

 

Arild Ingar Lægreid
Foto: Hanne Stedje, porten.no

- Eg er ikkje ordførar i ei bygd som er på veg til å bli nedlagd, eg er ordførar i ei bygd som no er i omvelting, der vi skal skape nye arbeidsplassar til erstatning for reduksjonane på Hydro.

- Overraska over slik tabbe

Lærar Kristin Sagerøy ved Høyanger vidaregåande skule vart først gjort merksam på feilen av ein kollega i Årdal. Ho er svært overraska over at eit stort forlag kan gjere ein slik tabbe.

- Då eg fekk beskjed om det trudde eg nesten ikkje på det, eg måtte sjå det sjølv. Eg synest det er forferdeleg ille, og det er spesielt ille at Cappelen ikkje rettar det opp, for det hadde ikkje vore så vanskeleg å gjere noko med det. Eg tok kontakt med alle dei andre vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane og bad dei sende tilbake dette opplaget. Det har vi gjort både i Årdal og Høyanger, og vi vurderer å ta innatt om det kjem eit nytt opplag i september.

No har Tone Stølen ved bokhandelen i Høyanger pakka vekk bøkene som har lege i hyllene nokre få dagar. Berre ei av bøkene er seld, og eleven som kjøpte boka skal få levere den innatt.

- Det er litt rart at dei kan legge ned eit samfunn over natta.

- Kan berre beklage

Men Cappelen har ikkje planar om å trekkje tilbake bøkene. Først ved tredje opplag - godt uti september - vil ein ny versjon av bøkene kome i butikkane, men då har alt fleire tusen elevar kjøpt læreboka. Forlagsredaktør i Cappelen, Arnt-Erik Selliaas, kan berre beklage det som har skjedd.  

- Heile aluminiumproblematikken, Høyanger og Hydro Aluminium, var ei heftig sak då denne boka vart utvikla i fjor haust. OK, vi visste ikkje betre enn at vi skreiv den biletteksten vi gjorde. Då vi vart gjort merksame på feilen, har vi tenkt å rette opp den i det neste opplaget av boka, og vi vil lage ein litt lengre artikkel om aluminiumindustrien og Hydro som vi skal legge på nettet.

- Må trekke tilbake

- Cappelen må trekke tilbake lærebøkene i geografi som inneheld feil om Årdal og Høyanger, meiner Edith Aarebrot Madsen i Høgre.

Ho meiner det minste forlaget kan gjere er å lage eit innstikk i alle bøkene som er for sal med korrekt informasjon om dei to industristadene.