Sterk vind herja langs kysten måndag kveld. I Svelgen gjorde sterke kastevindar sterke skadar. Ei campingvogn som stod parkert ved småbåthamna vart knust.
Knust garasje
Vinden auka utover kvelden, og det vart travelt for politiet. Ein mann som hadde teke ein tur med bilen sin fekk eit trist syn då han kom heimatt til ein rasert dobbelgarasje.
- Vinden hadde fått tak i garasjen og letta taket, fortel lensmann Hans Rune Strandos.
- Det er veldig sterke kastevindar i periodar. Det som vi er redde for er nedfall, og den garasjen som vart øydelagt ligg rett attmed fylkesvegen som går mellom Svelgen og Dyrstad, der det er ganske stor trafikk, seier Strandos. Men til alt hell vart ingen skadde måndag kveld.
Sterk storm
Ifølgje Strandos vart også fleire glaskontainarar i sentrum velta.
Det vart meldt om sterk vind langs heile kysten. I Måløy synte lystavla på Måløybrua at det bles sterk storm i kasta.