15 unge gutar er samla i Osen for å fiske laks. Vekta heng klar i treet, i tilfelle storfangst.
Sondre Aasen Kilnes får instruksjon av Steinar Paulsen i Norges Jeger og Fiskerforbund.
- Flugene vi fiskar med skal ikkje sjå ut som faktiske fluger. Vi vel dei ut etter kva vi veit fungerer i elva her, og då spelar mellom anna fargen inn, seier Steinar Paulsen.
Meter på meter. Har du kasta dei ut, så må du trekke dei inn.
Tørrtrening på camp Villaks.
- Ein av dei tinga eg håpar å få dreisen på her, er kastinga. Av og til treff eg stanga, og då blir det slik, seier Sondre Aasen Kilnes.
Sondre Aasen Kilnes frå Førde er ein ivrig fiskar, og veldig nøgd med å få høve til å fiske i Gaula.
Ein gong var fluga så stor, men det er mange kast sidan.
Sving på stanga!
Napp! Medan Torbjørn Espeseth sat i båten kunne han sjå laksen symje i elva under seg. Akkurat her får han ein av dei på kroken.
- Det er ei fantastisk kjensle når du drar i land ein slik ein, seier Torbjørn Espeset. Fangsten motiverer han til å fiske meir, og han er snart på plass langs elvebreidda med nye kast.
Kasteinstruktør Tom Wangensteen plaserer villaksen i karet. Der kan dei observere han i eit par timar, og forsikre seg om at han er frisk og rask.
Steinar Paulsen, sportsfiskekonsulent i Norges Jeger og Fiskeforbund, legg alt til rette for at ungdomane skal få ei god fiskeoppleving.
Dei par dagane gutane er på Camp Villaks søv dei saman i lavvo på Lervik gard.