Hopp til innhold

Camilla (32) var nær ved å døy – no vil ho leve av å lage fruktvin

Ei lita rift i brystet førte til ein infeksjon som nesten tok livet av Camilla Aasen. I ettertid har ho fått eit nytt syn på livet, og no satsar ho på ei framtid som fruktvinmakar.

Camilla Aasen

NYTT SYN PÅ LIVET: Camilla Aasen tenkjer på risiko på ein ny måte etter den dramatiske opplevinga.

Foto: Ahmad Dean / NRK

I januar 2018 oppdaga Aasen ei rift i brystet. Sidan ho på denne tida amma sonen Johan, var ikkje dette noko ho tenkte noko over i starten.

Det var Firda som omtala saka først.

– Eg hadde hatt rifta ei stund, men det er slikt som kan skje når ein ammar. Plutseleg begynte eg å få vondt i skuldra og brystområdet, fortel ho.

Aasen trudde først at det kunne vere brystbetennelse eller influensa ho hadde fått.

– Eg såg ikkje på det som dramatisk der og då, seier Aasen, og legg til at ho køyrde til legevakta sjølv.

Alvorleg sjuk

Camilla Aasen sjukehuset

PÅ SJUKEHUSET: Aasen var nær ved å døy på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Privat

Sjølv om Aasen ikkje sjølv trudde det var dramatisk i starten, skulle det snart vise seg at ho var alvorleg sjuk.

– Fire dagar etter eg begynte å kjenne på at det var litt ubehageleg låg eg på Haukeland med sepsis, eller blodforgifting, seier ho.

Aasen fekk både hjarterytmeforstyrringar og blodtrykksfall under opphaldet på sjukehuset.

– På eit tidspunkt fekk eg med meg at legen sa at dersom pulsen min hadde stige mykje ein gong til, med så lågt blodtrykk, ville det vere vanskeleg å stabilisere meg.

– Framleis ikkje 100 prosent

Ifølgje Aasen har det teke lang tid å hente seg inn att etter den dramatiske opplevinga.

– Det har tatt veldig lang tid for kroppen å hente seg skikkeleg inn igjen, og det kjenner eg framleis litt på. Eg er framleis ikkje 100 prosent på plass igjen i kroppen.

I tida etter sjukehusopphaldet har Aasen fått mykje tid til å tenke. Ho fortel at måten ho tenkjer på risiko har endra seg.

– Risikoen i å prøve meg på noko slikt som å bli fruktvinmakar verkar ikkje så stor likevel, seier ho.

– Eg vil mykje heller prøve og feile enn å ikkje prøve i det heile.

Starta med ei bok

Draumen om å lage fruktvin starta i 2014, då Aasen lånte ei bok om dette av tanta Kari Støfringsdal.

– Eg hadde plass i huset til mamma og pappa til å rote og slå meg laus. Dei har alltid plukka mykje frukt og bær, både i hagen og på fjellet. For meg vart det å lage vin mi vidareføring av dette, fortel ho.

– Det var litt varierande hell i starten, men eg kunne tidleg slå fast at suksessraten var god nok til å drive vidare med det.

Før dette hadde Aasen aldri smakt fruktvin.

– Fruktvin er kanskje ikkje det ein drikk mest av som ung?

– Eg veit ikkje om ein drikk mest av det i nokon alder, eigentleg, seier Aasen og ler.

Camilla Aasen vinproduksjon

VINPRODUKSJON: Sjølv med varierande hell i starten fann Aasen raskt ut at ho ville halde fram med vinproduksjon.

Foto: Privat

Vil nytte ressursar

Aasen fortel at ho gjennom vinmakinga vil nytte ressursar som ikkje er verdsette elles, slik som rognebær og nyper.

– Poenget er ikkje å etterlikne drua, for drua er heilt suveren på å vere drue. Poenget er at vi her har mange kjekke og interessante smakar òg.

Likevel har ikkje alle vinane til Aasen vore like vellukka. Ho fortel at ho då kan ta tida til hjelp.

– Det er også nokon litt eksperimentelle oppskrifter som berre ikkje vert særleg bra. Men fordelen då er at du berre kan la det stå og prøve på nytt om eit år eller fem.

Større testproduksjon

Ein av dei vinane Aasen meiner ho har fått godt til er ein nypevin. No ser ho for seg å produsere meir av denne.

– Til hausten håpar eg å setje to-tre vinar i litt større testproduksjon, så eg håpar å få laga 300500 liter nypevin til hausten.

– Spørsmålet er kva andre vinar eg skal prøve å introdusere i større skala, og kor lang tid desse treng til å modne.

– Kan du leve av dette?

– Ikkje i morgon, men eg trur absolutt det. Om ein ser på trendane i drikkevaremarknaden, er det interesse for norsk cider og andre drikkevarer. Dette har eg tru på.