Hopp til innhold

Bytte trenar - halverte poengfangsten

FØRDE (NRK): Fire tap på rad har gjort at Førde kan rykka ned ein divisjon, om dei ikkje klarar å snu trenden.

Stig Nord

TØFF JOBB: Førde-trenar Stig Nord har hatt vekslande hell i sine ti første kampar. Så langt har poengfangsten vore 0.7 poeng per kamp i gjennomsnitt i dei 10 kampane han har leia laget.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi har ikkje vore gode nok. Vi slepp inn enkle mål i kamp etter kamp. Då kan vi ikkje skulda på uflaks, forklarar Førde-trenar Stig Nord om kva har gått gale dei siste fire kampane.

Førde møter Strindheim på heimebane laurdag, eit tap kan føra laget under nedrykksstreken.

Berre vunne to

Nord tok over Førde-laget frå Torbjørn Glomnes i sommar. Under Glomnes plukka laget poeng jamt og trutt, med eit poengsnitt på 1,4 poeng per kamp.

Med Nord i spissen har det gått tyngre. Laget har berre vunne to kampar – poengfangsten viser 0,7 poeng i snitt per kamp – ei halvering av forgjengaren.

Til samanlikning tok laget 39 poeng førre sesong, noko som gjev 1,5 poeng per kamp i snitt.

– Vi er klar over tabellsituasjonen. Det er spesielt på dødball vi har slite og vi må bli tøffare i begge boksane, seier Nord.

–Det har vore ein del skadar og suspensjonar no på hausten. I tillegg er stallen tynn, om ein spelar som Alexander Ødegaard vert skada kan vi ikkje legge ansvaret på ein 16-åring som skal erstatta han, seier sportsleg leiar i Førde, Per Øyvind Storevik.

Per Øyvind Storevik

PÅ LEIT: Nok ein gong må Per Øyvind Storevik på jakt etter ny trenar. -Vi har begynt å kartlegga terrenget, men det er alt eg vil sei om den saka, seier Storevik,

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Klar over situasjonen

I dei siste fem kampane møter Førde tre av dei fire topplaga.

Sjølv om laget har tapt alle kampane sidan 5–2 tapet mot erkerivalen Florø, var det godt humør i gruppa då NRK var innom treninga torsdag.

– Det langt frå ein resignert gjeng utpå her og humøret er på topp. Sjølv om det er tøft mentalt å gå på tap etter tap, så har vi trua og alt er opp til oss sjølv. Men sjølvsagt har vi sett på tabellen, alle gjer jo det, seier kaptein Vegard Gjermundstad.

Vegard Gjermundstad

TRIKSING: Førde-kaptein Vegard Gjermundstad har trua på at laget skal halda plassen. – Vi ligg sånn plassert at alt er opp til oss sjølv. Det er fleire kampar att og vi ligg framleis over streken, seier han.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi må jobbe på vidare. Vi har snakka ut om kva som har gått gale og prøvar å betra det i dei siste kampane. Gjer vi jobben sjølv får vi som fortent til slutt, seier Nord.

Usikker framtid

Det er ikkje berre på det sportslege plan ting ikkje har gått Førdes veg. På trenarsida har dei hatt tre forskjellige trenarar på under eitt år. Nord gir seg etter sesongen.

– Det er aldri heldig å bytte trenar midt i sesongen, men no vart det no slik, seier Storevik.

Og den usikre trenarsituasjonen gjer at spelarlogistikken for neste år vert ei utfordring.

–Det er spelarar som sitt på gjerde og ventar til trenarkabalen for neste år er løyst før dei skriv ny kontrakt. Vi jobbar med å få ny trenar på plass, seier Storevik.

Tabellen, 2. divisjon, avdeling 4.

3 POENG: Førde ligg no på ein 10.-plass – tre poeng framfor Molde 2 som ligg under nedrykksstreken.

Foto: Skjermdump, fotball.no