Hopp til innhold

Bytte parti på grunn av gruvesaka

Hans Johan Breidablik melder seg inn i Høgre på grunn av regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet. Breidablik, som og er fagdirektør i Helse Førde, er svært nøgd med avgjerda til regjeringa.

Hans Johan Breidablik

BYTTE PARTI: Hans Johan Breidablik er så nøgd med regjeringa si avgjerd i gruvesaka at han har meldt seg inn i Høgre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den seinare tida har han fått mange spørsmål frå Høgre-medlemmer om ikkje han og ville inn i regjeringspartiet. Han har svart at gruvesaka er avgjerande.

– Eg har sagt at dersom Høgre og Framstegspartiet tar belastninga med å gjere eit vedtaket i Engebøsaka om utbygging, så melder eg meg inn i Høgre.

Treng gruveprosjektet

Nyleg sa regjeringa ja til at Nordic Mining skal få utvinne 250 millionar tonn rutil i Engebøfjellet i Naustdal, og dumpe avfallet i eit sjødeponi i Førdefjorden. Det kan skape fleire hundre arbeidsplassar. Breidablik meiner Sogn og Fjordane er avhengig av gruveprosjektet.

– Det handlar om eit fylket som har stagnert totalt, og som er i ferd med å bli fråflytt, og som er i ferd med å bli fylt av eldre menneske utan yngre til å ta seg av dei. Det å få vekst i ein sektor det fører til vekst i andre sektorar.

Stor sprengkraft

Breidablik melde seg ut av Kristeleg Folkeparti for kort tid sidan. KrF er mot sjødeponiet, ei avgjerd dei brukte langt tid på å lande ned på. Fylkesleiar i partiet, Trude Brosvik, seier saka har stor sprengkraft, og er ikkje overraska over at ho får fleire til å byte parti.

Trude Brosvik i Balestrand

SAK MED STOR SPRENGKRAFT: Trude Brosvik er fylkesleiar i KrF.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Folk må gjere det som dei står for, og dersom dei meiner dette er ei så viktig sak at dei vil byte parti så er det eit fritt land og fritt fram og eg ser også at Høgre har mist medlemmer på måten Høgre har handtert denne saka.

Den planlagde gruvedrifta i Vevring er høgst omdiskutert, ikkje minst det planlagde sjødeponiet har vekt sterke reaksjonar. Fleire unge har skrive under på eit opprop om at dei ikkje vil flytte heim igjen dersom sjødeponiet blir ein realitet.

Breidablik ser at gruveavgjerda kan føre til at ein også kan miste tilflyttarar og vekst

– Ja, dersom ein framstiller dette som ei nærast økologisk katastrofe, så er det ingen som ynskjer å flytte hit. Eg har vanskeleg for å sjå at det er ein økologisk katastrofe, sjølv om det sjølvsagt er ulemper med prosjektet.