Hopp til innhold

Bytehandelen er i boks

Cato Hansen har takka muntleg ja til Sogndal, og Piotr Leciejewski er på veg til Brann.

Piotr Leciejewski, Kenneth Udjus, Cato Hansen

BYTEHANDEL: Piotr Leciejewski vil vekk frå Sogndal, og bytehandelen med Kenneth Udjus og Cato Hansen er truleg i boks.

Foto: NRK/SCANPIX

– Rundt halv tolv i går kveld vart vi enige om å iverksette det. Så i dag er Piotr på veg til Bergen og Kenneth Udjus og Cato Hansen er på veg til Sogndal, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

– Betyr det at alle tre trenar med dei nye klubbane sine på torsdag?

–I alle fall gjer Kenneth og Cato det. Kva som skjer i Bergen har ikkje eg kontroll på.

Kronglete overgangssaga

Overgangsagaen med Leciejewski, Udjus og Hansen har vore gjennom ei rekke krumspring i løpet av den vel halvanna månaden den har stått på.

Framleis er ingen kontrakter underskrivne, men det er semje om at Udjus skriv under for minst to år med Sogndal og Hansen for eitt.

Den siste kontraktslengda har vore det springande punktet i forhandingane dei siste vekene. Sogndal ville opphavleg ha opsjon på ytterlegare eitt år med Hansen, men har altså gitt seg på det.

– Eg har ikkje skrive under på noko enno, men vi er ganske så enige, seier Hansen til BA.no.

– Eg har faktisk ikkje sett kontraktsforslaget enno, men Jim (Solbakken) seier at det ser bra ut. Eg må nesten sjå det sjølv før eg kan sei noko mer. Det har vore så mye tull, at eg ikkje vil ta noko for god fisk, seier Hansen til BA.

Brann betaler deler av løna

Løna til dei to Brann-spelarane har vore eit sentralt forhandlingspunkt. Dei har begge hatt løner som er langt større enn det Sogndal har vore villige til å gje.

I utgangspunktet ville ikkje Sogndal bruke meir på å løne dei to til saman, enn det Leciejewski åleine hadde i årsløn.

– For å få til noko slikt har vi gjort den avtalen at Brann betalar ein kompensasjon slik at vi har råd til å ha dei.

– Slik at de ikkje betalar meir til dei to enn de gjorde til Leciejewski åleine?

– Ja, pluss litt til. Vi fekk ikkje det heilt i hamn, men det er ikkje mykje om å gjere. Det som vart forandra var kontraktslengda til Cato Hansen, seier Fylling.

Aabrekk ville ha Hansen

Fylling legg ikkje skjul på at han er glad for at den langdryge og mykje omtalte overgangssaka no går mot ei avslutning. Sportsleg sett meiner han Sogndal har kome greitt ut av det, trass i at Leciejewski den stabilt beste Sogndal-spelaren dei siste åra.

– Vi har mista ein veldig god keeper, men og fått ein god keeper. I tillegg har me fått Cato Hansen som Harald Aabrek (Sogndal-trenar, red. anm.) har hatt lyst på heile tida. Det var Harald som henta han til Brann i si tid, og han er forhåpentlegvis ein målfarleg spiss som bøttar inn mål i 2011, seier Fylling.

Leiciejewski er på si side klar til å utfordre Håkon Opdal om keeperplassen i Brann, og han meiner sjølv han er ein betre keeper enn Opdal.

– Det må eg jo meine. Elles hadde det ikkje vore noko vits i dette her.

I følgje BA skal han gjennomgå den medisinske testen i dag. Han er allreie enig med Brann om ein treårskontrakt.