NRK Meny
Normal

Bystyrepolitikar kritiserer Flora kommune etter dødsfall

FLORA (NRK): Bystyrepolitikar Jacob Nødseth er kritisk til kommunen etter at ein mann i 60-åra vart funnen etter å ha lege død i fleire veker i ein kommunal bustad.

Nødseth kritiserer Flora kommune etter dødsfall
Foto: Montasje/Jørgen Eide / NRK

Kommunen vedgår at dei har hatt ein rutinesvikt, og fylkeslegen har allereie varsla at dei vurderer tilsyn.

Nødseth seier bystyret har ansvaret for at det blir satsa for lite på helse og omsorg i kommunen.

– Omsorgssektoren i kommunen er underfinansiert, underdimensjonert og underbemanna. Dette må opp på den politiske agendaen. Det er bystyret som løyver pengar, som vedtek rutinar og pålegg organisasjonane korleis ting som skal vere, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ein mann i 60-åra blei funnen død i ein kommunal bustad i Flora kommune sist fredag. Mannen skulle hatt regelmessig tilsyn, men har truleg lege død i minst ein månad før naboar varsla om vond lukt.

VEDGÅR SVIKT: Flora kommune legg seg flate etter hendinga og lovar å gå gjennom rutinane for å hindre at liknande kan skje igjen. (Reporter: Geir Bjarte Hjetland/Foto: Jørgen Eide)

– Demonstrer ei manglande satsing

Nødseth vedgår at det ikkje er lett å gardere seg mot slike hendingar.

– Du vil aldri kunne organisere deg vekk frå alle problem. I ein sektor som handlar om liv og død vil slike situasjonar kunne oppstå, seier han.

Likevel meiner han denne saka er spesiell, samtidig som han meiner den demonstrerer ei manglande satsing på helsesektoren i kommunen.

– Ein kunne ha sørgja for at det var eit system som følgde opp og ikkje berre ein enkeltperson. Det er eit leiaransvar og det har ein ikkje tatt. Enkeltsaker er unike, men når det kjem mange enkeltsaker i ein kommune, så er det eit systemproblem, seier Nødseth.

Forventar at rutinane blir retta opp

Bengt Solheim-Olsen

HAR ANSVARET: Ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora seier politikarane har ansvaret for alt som skjer i kommunen.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Ordførar i Flora kommune, Bengt Solheim-Olsen, seier dette er ei tragisk enkelt hending, der betre rutinar ville ha gjort til at ein oppdaga tilfellet tidlegare.

– Kommunalsjefen i Flora kommune var klar på at den hendinga vi vart kjent med på fredag er noko som ikkje skulle skjedd, seier han.

Vidare seier Solheim-Olsen at politikarane har ansvar for alt som skjer i Flora kommune, men at denne saka var resultat av at rutinane ikkje vart følgt slik dei skulle.

– Eg forventar at administrasjonen vil sørge for at rutinane blir retta opp og at slike ting blir fanga opp så tidleg som mogleg, seier han.

Ordføraren vedgår at dei har ein stram kommuneøkonomi og at dei jobbar hardt veke etter veke for å lage så gode budsjett som mogleg. Samstundes trur han ikkje at betre økonomi ville avverja hendinga.

– Ingen pengar i eit budsjett ville gjort denne saka noko annleis, fortel Solheim-Olsen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote