Byggjer stavkyrkje i Ortnevik

65 år gamle Anders Brekke krydrar kvardagen sin med å byggje ei stavkyrkje i full storleik.

Stavkyrkje i Ortnevik
Foto: Illustrasjon: Eldar Brekke

Saman med sonen sin Eldar Brekke har han starta grunnarbeidet. No ventar dei på første lass med betong til å støype fundamentet for stavkyrkja.

- Eg gler meg til å komme i gang. Når vi får gjort ferdig tomtearbeidet, skal eg så smått byrje på sjølve stavkyrkja. Då tek eg dette som eit krydder i kvardagen, seier den pensjonerte gardbrukaren.

Sjå bilete av stavkyrkja: Stavkyrkje i Ortnevik

Stavkyrkje på ei øy

Stavkyrkja har same storleik som Undredal
Foto: Illustrasjon: Eldar Brekke

Stavkyrkja skal byggast på ei lita øy i elva som renn gjennom Ortnevik i Høyanger kommune. Ho vert åtte og ein halv meter lang, om lag like stor som Undredal stavkyrkje i Aurland kommune.

- Det ser ut som ei tradisjonell stavkyrkje. Eg har prøvd å plukke litt frå bilete av ulike stavkyrkjer, og så har eg lagt til litt sjølv, seier Anders Brekke.

- Kva slags stavkyrkje har inspirert deg mest?

- Truleg Hopperstad stavkyrkje i Vik. Eg har vore der og kikka for å sjå på detaljar, seier han.

Han reknar med at det vil ta iallfall eitt år før stavkyrkja er ferdig.

- Eg har tenkt å kose meg med dette, så eg reknar med at eg kjem til å bruke ein del tid, seier Brekke.

Kunstverk i skogen

Stavkyrkja er stor nok til at folk kan gå inn i ho, men Anders Brekke vil først og fremst at stavkyrkja skal vere eit blikkfang i naturen.

- Det er ein del skog på øya, så ho blir ikkje noko prangande i terrenget, seier han.

- Det blir som ein kunstinstallasjon?

- Det er det eg har tenkt. Etter at ho har kome på plass, får vi byrje å tenkje på kva ho skal brukast til innvending.

Spikrar og skruar

Stavkyrkja skal byggjast med tradisjonell teknikk, men med moderne verktøy.

- Det vil gå med ein del spikrar og skruar, men vitsen er at dei skal stå på ein sånn måte at du ikkje skal sjå dei att, seier Brekke.

Stavkyrkja blir bygd av trevirke som finst på garden i Ortnevik, gran og hovudsakleg lerk.

Anders Brekke har erfaring med både husbygging og hyttebygging. Noko budsjett for stavkyrkja har han ikkje sett opp.

- Eg ser for meg at det kostar mykje arbeid, men ikkje i negativ forstand. Dette blir vonleg berre moro heile vegen, seier han.