Sengeposten skal ligge ved Nordfjord psykiatrisenter på Nordfjordeid. Det vert lagt opp til at to hus ved institusjonen skal byggjast saman til ein ny sengepost.
Rusmisbrukarar under 30 år
Posten har heile fylket som opptaksområde og skal ha ti døgnplassar. Målgruppa er rusmisbrukarar under 30 år, og desse vil få tilbod om korttidsbehandling som i denne samanheng betyr under seks månader.
- Å legge ein fylkesdekkande sengepost til eit distriktspsykiatrisk senter er uvanleg. Det betyr ei sentralisering av oppgåver, men utan at det vert oppretta på sentralsjukehusnivå. Det er uvanleg, men truleg ein tenleg modell, ikkje minst for Helse Førde, seier Trond Aarre i ei pressemelding. Han er avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter.
Klar til bruk i 2008
Styret i Helse Førde gav sist haust klarsignal til bygginga av sengeposten. Det er sett av til saman 16 millionar kroner i budsjettet for 2007. Prosjekteringa vert lyst ut på anbod i komande veke, og håpet er å få sett i gang bygginga innan sommaren. Det betyr at dei første rusmisbrukarane kan få eit tilbod første halvår i 2008.