Hopp til innhold

Byggjer rulleskibane til 9 millionar

GAULAR (NRK): På Langeland skisenter i Gaular byggjer dei no ei asfaltert rulleskibane på over tre kilometer, midt i skianlegget som allereie ligg der.

langeland

FULL SVING: arbeidet på Langeland er i gong

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi må få rulleskibrukarane ut av trafikken, og målet med denne bana er at dei skal leggje turen innom Langeland i staden for å køyre rulleski midt i bilvegen. Det seier Thomas Haugsbø, nestleiar ved Langeland Skisenter.

Til neste sommar skal bana vere klar, og då vil ein kunne stå på rulleski på nesten fem meter brei asfalt. Noko breiare i motbakkar, og litt smalare i unnabakkar. Det skal også byggjast ei bru, og denne vil mest sannsynleg kunne brukast alt komande vinter.

rulleski2

LITE SNØ: nett no er det lite snø på Langeland i Gaular, neste sommar kan ein då gå på rulleski i skiløypene

Foto: Rune Fossum / NRK

Skisenteret i Gaular nyttar ofte mykje dugnadsarbeid, men denne oppgåva består for det meste av maskinelt arbeid, og bana vil byggjast nesten utan dugnad. Prislappen vert på til saman ni millionar kroner, og dei har mellom anna fått litt trafikktryggingsmidlar frå fylkeskommunen.

Trur mange har rulleski

Haugsbø seier likevel at dei betalar det meste sjølv. Han håpar mange vil bruke bana, og at det kan bli eit fint tilskot til skimiljøet i Sunnfjord.

– Die fleste som driv med langrenn om vinteren har allereie rulleski frå før. Og det trur eg gjeld dei yngste og veteranane også, så her ligg alt til rette for eit tilbod som kan bli populært, seier Haugsbø.